Full rulle i Årdalshallen

Laurdag var det futsalturnering i Årdalshallen. 

Årdal: Det var full rulle i Årdalshallen Laurdag, då den siste futsalturneringa gjekk av stabelen. 

Futsalturneringa er for aldersklassane 10 til 14 år. Første kampen starta allereie klokka 09.30 og det var dei yngste som tok første avspark. 

På tribuna sat foreldre, besteforeldre og venner og følgte spent med på kampane.  Det var god stemning både hos spelarane og tilskodarane. 

Det var inga sluttspel i denne turneringa, men heller ein turnering med mange kampar. IL Bjørn G13 fekk med seg mest poeng i turneringa og kunne derfor ta med seg pokal heim. 

Sjå biletegalleri øvst i artikkelen. 

 

 

Til toppen