LEGG UT SLANGAR: Brannvesenet held på å leggja ut vasslangar slik at dei kan sløkka brannen ovanfrå.
LEGG UT SLANGAR: Brannvesenet held på å leggja ut vasslangar slik at dei kan sløkka brannen ovanfrå. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Brannen er under kontroll

Måndag tok det til å brenna i terrenget i Bondeviki like utanfor Sogndal. Brannmannskapa jobba hardt frå å hindra flammane frå å klatra lengre opp i terrenget, kor det ligg bustadhus.

Sogndal: Politiet fekk klokka 13:56 måndag melding om ein gras- og lyngbrann ved Bondeviki, mellom tre og fire kilometer frå Sogndal mot Leikanger.

BRENT: Terrenget kring gardsbruket har syner spor frå brannen som har bevega seg opp i terrenget. Foto: Halvor Farsund Storvik

Alle naudetatane rykka ut. Måndag kveld opplyser Alarmsentralen til NRK at brannen er sløkt.

– Dei driv no med nedkjøling og ettersløkking, seier vaktleiar i Florø, Jan Gunnar Holvik, til statskanalen.

 

Innsatsleiar: – Viktig å få kontroll

Brannen starta like ved eit gardsbruk tett på riksvegen. Etter kvart byrja flammane å ta seg oppover i terrenget, mot Øyragrendi der det ligg enno fleire gardar.

Like før klokka 15:00 steig røyken framleis kraftig opp frå skogen.

– No driv me med sløkkingsarbeid for å få kontroll på brannen. Me må ha tilgang på vatn på oppsida for å få godt trykk og for å få kontroll på den sida, opplyste innsatsleiar Magne Straumstein til vår journalist på staden.

– Det er bratt og ulendt terreng, kor vanskeleg er det?

JOBBAR FOR Å FÅ KONTROLL: Innsatsleiar Magne Straumstein fortel det er viktig å få kontroll på brannen. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Det er vanskeleg å ta seg fram og der oppe. Det er mykje berg og hamrar og tett skog. Det er viktig å få kontroll på brannen for lengre oppe er det òg busetnad, sa Straumstein. 

På det tidspunktet var det rundt femten mann som jobba med å sløkka brannen. I tillegg var det på veg mannskap frå Leikanger og tankbil frå Luster. Sivilforsvaret vart óg kalla ut.

Mange i sving

Ein halvtime seinare var brannvesenet i ferd med å legga ut vasslangar frå oppsida av brannen. Klokka 15:45 fekk dei vatn i dei, slik at mannskapa kunne driva sløkkinga på to frontar.

Brannvesenet brukte óg droner for å sjekka omfanget av brannen.

I 16-tida var det allereie lite synleg røyk på staden, men politiet ville ikkje då stadfesta kontroll.  

MYKJE RØYK: Tatjana Knappen, operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt opplyser klokka 14:34 at brannvesenet ikkje har kontroll på staden. Foto: Halvor Farsund Storvik

 

Klokka 14:14 melde Nina Andal ved Alarmsentralen at naudetatane nett var komne fram til brannskaden. Då hadde dei heller ikkje oversikt over omfanget på brannen. 

 Brannvesenet, politi og helsevesenet var tidleg på staden. Operasjonsleiar Tatjana Knappen opplyste tidleg til Porten.no at brannen er rett ved ein gard. 

– Klokka 14:21 melde brannvesenet at dei førebels ikkje hadde kontroll på staden, men at dei jobbar med å sløkka brannen, sa ho då.

Knappen opplyser at årsaka til brannen framleis er uviss. 

Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no eller tlf: 480 13 131.

Til toppen