FULL: Talet tilgjengelege plassar ved opne avdelingar er fyllt opp ved Lærdalsøyri barnehage – men to av avdelingane er også stengde ned. Foto: Ole Ramshus Sælthun
FULL: Talet tilgjengelege plassar ved opne avdelingar er fyllt opp ved Lærdalsøyri barnehage – men to av avdelingane er også stengde ned. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Fulle barnehagar i Lærdal

Ei barnehageavdeling blir halde stengt ved Lærdalsøyri barnehage frå hausten av – no er også talet på tilgjengelege barnehageplassar oppbrukt.

Lærdal: – Det er jo kjempeflott at det er fullt – når det er overkapasitet byggjer me jo ned, sa Kåre Mentz Lysne, gruppeleiar i Ap, under formannskapsmøtet måndag.

Då hadde rådmann Alf Olsen jr. orientert om stoda etter hovudopptaket i barnehagane. Og no er det også eitt born på venteliste.

Av sakspapira går det fram at alle som søkte om barnehageplass innan fristen for hovudopptaket fekk plass. Også eitt born som i desse dagar kjem med ein flyktningfamilie får plass frå slutten av april.

Eitt born på venteliste

Men så har det kome søknader på plassar for tre born til. Desse søknadane kom inn etter søknadsfristen, og for to av borna er det ønskje om plass frå juni. Berre eitt av desse borna har fått tilbod om plass, i Borgund barnehage, og då er tilgjengeleg kapasitet oppbrukt. Det andre bornet vil få plass så snart noko er ledig, går det fram av sakspapira.

Det tredje bornet er det ønskje om barnehageplass for frå januar 2018 – «dette vil verte vurdert ved eit eventuelt suppleringsopptak i november 2017».

I haust vedtok politikarane å stengja ned ei avdeling ved Lærdalsøyri barnehage grunna overkapasitet.

Kan måtte utvida barnegruppene

No kan ein koma i ein situasjon der ein må utvida kapasiteten att:

«Dersom det skulle komme fleire flyktningar med småbarn som skal ha plass i Lærdalsøyri barnehage, vil me måtte utvide barnegruppene. Dette vil krevje ekstra bemanning etter Barnehagelova og forskrift til lova om pedagogisk bemanning i barnehage, og det lyt bevilgast ekstra lønsmidlar til barnehagen sitt budsjett», står det i saksutgreiinga.

Dette var ei orienteringssak under formannskapsmøtet måndag, så ingen vedtak vart gjort.

Til toppen