STEVNE: Sara Vie (til venstre) vann Norgescupstevnet laurdag. Foto: Arkiv
STEVNE: Sara Vie (til venstre) vann Norgescupstevnet laurdag. Foto: Arkiv

Fullt hus for Sara på Norgescupstevnet 

Sara Vie skaut 350 poeng og vann med dette Norgescupstevnet. 

Årdal: Laurdag vann skyttaren Sara Vie Norgescupstevnet på Falken skyttarlag. Ho skaut 350 poeng med 26 innertiere. Dette er ein kjempe god prestasjon.

Sara Vie fortel at Norgescupstevnet var ein opplading til landskyttarstevne.

- Eg synast oppladinga gjekk veldig bra og den gav meg ei god kjensle før landsskyttarstevnet, fortel Sara.

Far Glenn Vie seier seg eining med Sara om at dette er ein veldig god opplading.

Landsskyttarstevnet

Sara er på plass i Målselv for å vere med på årets landsskyttarstevnet.

- Tankane mine om landsskyttarstevne er å gjera det eg skal teknisk, samt skal eg ha det kjekt med Farnes skyttarlag og andre skyttarar, seier Sara.

Ho fortel vidare at ho tar landsskyttarsteven som det kjem, men at ho håpar på å gjere det bra.

- Målet mitt er finalen, avsluttar Sara. 

Til toppen