SPORVOGNA: Fem jenter frå  «Krudlalaget» i kulturskulen i Sogndal opptredde saman med Riksteateret. Her frå høgre Oda Drageset Ellingsen, Kaja Barsnes Freud, Mathea Sva Wergeland, Kristina Holm Holen og Arina Kovalenko.
SPORVOGNA: Fem jenter frå «Krudlalaget» i kulturskulen i Sogndal opptredde saman med Riksteateret. Her frå høgre Oda Drageset Ellingsen, Kaja Barsnes Freud, Mathea Sva Wergeland, Kristina Holm Holen og Arina Kovalenko. (Foto: Øyvind Nondal)

Fullt kulturhus på Folk og røvarar i Kardemomme by

Det var stappa fullt på kulturhuset i Sogndal då Riksteateret framførte den populære klassikaren Folk og røvarar i Kardemomme by. Med på scena var fem jenter frå Sogndal.

I KARDEMOMME BY: Her frå høgre Kristina Holm Holen, Arina Kovalenko, Mathea Sva Wergeland, Kaja Barsnes Freud og Oda Drageset Ellingsen. Foto: Øyvind Nondal

Sogndal: I Kardemomme by bur mellom anna gamle Tobias, pølsemakaren, tante Sofie og vesle Kamomilla. Rett utanfor byen bur dei tre røvarane Kasper, Jesper og Jonatan.

Laurdag kveld hadde Riksteateret framsyning av den gamle folkekjære klassikaren på kulturhuset i Sogndal. Med seg hadde dei fem unge og talentfulle jenter frå Sogndal som skodespelarar i den idylliske byen. 

Sjølv om dei unge Sogndals-jentene fekk berre nokre timar øving før framføring, så imponerte dei eit fullsett kulturhus av småbarnsfamiliar og besteforeldre.

Når Riksteateret reiser på turne og framfører Folk og røvarar, så får lokale born delta på den populære framsyninga.

Byen langt vekke frå alt

Folk og røvarar i Kardemomme by var skriven av Thorbjørn Egner og kom ut som barnebok i 1955. Nokre år seinare kom den første framsyninga på teater.

På teateret får ein sjå mellom anna ein talande kamel, og dei tre røvarane som politimeistar Bastian ikkje tør arrestere, då dei har ei løve som kjæledyr. Røvarane stjeler frå butikkane og tek seg ein tur i sporvogna. Til slutt vert dei fanga då slaktaren, bakaren og pølsemakaren fann ut at dei ville komme.

Til toppen