Sogndal: Ransakinga blei gjort med narkotikahunden Odin (7) frå Førde, landets beste narkotikahund etter han vann noregsmeisterskapen i september.
Under aksjonen avdekka politiet nokre hundregramsplater med hasj og nokre «klumpar» som til saman utgjorde 580 gram.
I tillegg blei det funne ein liten mengde flytande væske, antakeleg GHB (journ.anm: GHB er eit av dei nyaste narkotiske stoffa, og er eit syntetisk og ekstremt giftig stoff).
To personar vart pågripe og sikta for besittelse av narkotika, der den eine har erkjent forholdet. Begge er løslatt.
– Det er mykje politiarbeid som ligg bak beslaget, ein kombinasjon av fleire etterforskingar. Dette er, samanlikna med lokale forhold, eit ganske stort beslag, seier regionlensmann Lanes til Porten.no.
Fryktar store mengder narkotika i Sogn
Lanes seier at politiet alltid har hatt fokus på narkotika, men at det har vore mindre prioritert i det siste.

– Me har alltid jobba med narkotika, men i ein periode har me hatt så mykje anna å styra med at me ikkje har hatt nok fokus på det. No føler me at dette er ting me må følgje opp når me har anledning til det.
– Er det etter di oppfatting mykje narkotika i Sogn?
– Det er litt vanskeleg å seia, men når me gjer så store funn hjå enkeltpersonar så fryktar me det, seier ho.
– Kva gjer politiet framover?
– I høve etterforskinga vil me forsøka å få meir informasjon, så kan det bli aktuelt å følgje opp fleire stader og eventuelt setja i gong ein ny aksjon eller ransaking.