DØD: Funn av døde hjortar i terrenget bør meldast inn til kommunen eller oppsyn så det blir sjekka om det kan vera snakk om skadeskyting, fallvilt eller andre omstende. Illustrasjonsfoto
DØD: Funn av døde hjortar i terrenget bør meldast inn til kommunen eller oppsyn så det blir sjekka om det kan vera snakk om skadeskyting, fallvilt eller andre omstende. Illustrasjonsfoto

Funn av fleire døde hjortedyr som er påskotne

Fjelloppsynet i samarbeid med SNO intensiverer oppsynet under hjortejakta i Luster, Sogndal og Leikanger. Sæskild ligg fokuset på ettersøk og ulovleg bruk av køyretøy under jakt.

Sogndal/Leikanger/Luster: «Observasjonar tyder på at det førekjem bruk av motordrive framkomstmiddel under jakt», skriv Fjelloppsyn Runar Hatlevoll og Statens Naturoppsyn (SNO) i eit skriv i samband med at aukar fokus på oppsyn under hjortejakta i Luster, Sogndal og Leikanger kommune. 

Dei minner om at det i paragraf 21 i lov om jakt og fangst av vilt går fram følgjande: 

  • Det er forbode under jakt å løysa skot på eller over offentleg veg eller jernbane 
  • Å nytta luftfartøy eller motorkøyretøy til forfølging av vilt eller til avleiing av viltet si merksemd frå jegeren  
  • Å nytta luftfartøy eller motorkøyretøy utanfor veg til lokalisering av vilt 
  • Å løysa skot frå luftfartøy eller motorkøyretøy 

Er redd nokre jegerar ikkje sjekkar skotplassen nøye nok

«Under jakta i haust er det funne fleire døde hjortedyr i jakta som syner seg å vera påskotne. Der desse dyra er funne har ikkje kommunen fått beskjed om at det er gjort noko form for ettersøk». 

Skrivet viser vidare til paragraf 27 i Forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst:

«Den som under jakt eller forsøk på felling skadeskyter storvilt, plikter å gjøre det en kan for å avlive dyret snarest mulig. Vedkommande plikter å forvisse seg om påskutt dyr er truffet eller ikke. Jegeren og jaktlaget som har skadeskutt storvilt, skal ikke oppta jakt eller påskyte nye dyr mens ettersøk pågår. Innen valdets grenser skal ettersøk om nødvendig pågå ut dagen etter skadeskyting»… «Dersom pliktig ettersøk første dag er utan resultat, skal jeger eller jaktlag utan opphold underrette jaktrettshaver og kommune eller nærmeste politimyndigheit om de faktiske forhold» 

«I teorien vil dette seia at eit kvart dyr som blir påskote skal reknast som eit såra vilt til det motsette er bevist. Eg er redd for at mange jegerar har ein tildens til å seia at dette var ein bom utan å sjekka skotplassen nøye nok. For å vera sikker bør jeger nytta seg av godkjent ettersøkshund for å finna ut om dyret er skadd», skriv Hatlevoll og SNO vidare. 

Avslutningsvis ber dei om at folk følgjer med og kontaktar Fjelloppsynet, politiet eller kommunen om dei skulle sjå noko mistenkeleg som skot frå bilveg, bruk av kunstig lys under jakta, skadeskote eller døde dyr i terrenget.

Til toppen