Furebotn etter storsigeren: – Den var for Ole Amund

Skrekkskaden til Ole Amund Sveen overskygga gleda over sesongens første trepoengar. Sjå bileta frå kampen.

Sogndal-Stabæk: 4-1 (1-0)

– Me tenkte at når han ofra seg såpass og truleg har brote leggen, så måtte me andre sørga for å gje han tre poeng. Alle stod opp og kriga og kjempa for å få ein god siger. Og den var for Ole Amund, seier kaptein Henrik Furebotn etter kampen.

TUNGT: Kaptein Henrik Furebotn dedikerte sigeren til lagkameraten.
TUNGT: Kaptein Henrik Furebotn dedikerte sigeren til lagkameraten.

Sogndal tok  fortent tre poeng mot Stabæk etter ein imponerande andreomgang. Men målet som opna scoringsballet kostar truleg fjorårets toppskårar for Sogndal fleire månader på sidelinja.

– Eg greier ikkje heilt å stå her og smila, for eg har litt ilt i magen etter det som skjedde, seier trenar Eirik Bakke.

Les også: Sveen måtte ut på båre med brot i leggen

Kom frå benken og putta to

Heller ikkje tomålskårar Bendik Bye, som kom inn for nettopp Sveen, greidde å ta heilt av etter kampen.

– Eg vart kasta inn i det og rakk ikkje tenke så mykje. Men du merkar jo at dei rundt deg er prega. Han ofrar alt der og er maks uheldig. Det er slikt som skjer desverre, seier han.

Sogndals nye målsnik følgte opp assisten frå seriepremiera på best mogleg vis. To nesten identiske mål gav Sogndal 2-0 og 3-0. Stabæk fekk ei redusering, men då Gilbert Koomson sette eit straffespark sikkert i mål kunne publikum puste letta ut på Fosshaugane.

GOD START: Bendik Bye kom inn frå benken og skåra to mål.
GOD START: Bendik Bye kom inn frå benken og skåra to mål.

Mister ein av lagets viktigaste

Det siste kvarteret skjedde det ikkje altfor mykje og Sogndal kunne gå i garderoben med 4-1 og tre poeng.

Utan at jubelen stod i taket av den grunn. Trenar Eirik Bakke må bu seg på å klare seg utan ein av lagets viktigaste spelarar i lang tid.

– Det er mest kjedeleg for han, men òg for laget, for han er ein viktig del av spelet vårt. Me får berre ta vare på guten i dag og prøva å gleda oss over sigeren. Men det er klart at me føler med Ole Amund. Det er kjedeleg, seier han.   

Til toppen