VIL BLI: Henrik Furebotn seier klubber i Eliteserien har vist interesse for han og håpar at han får spela på Noregs øvste nivå neste sesong også. Foto: NTB/Scanpix.
VIL BLI: Henrik Furebotn seier klubber i Eliteserien har vist interesse for han og håpar at han får spela på Noregs øvste nivå neste sesong også. Foto: NTB/Scanpix.

Furebotn håpar å bli verande i det gode selskapet

Sandnes Ulf ryktened frå Eliteserien, men det er ikkje sikkert Henrik Furebotn (28) skal spela 1. divisjonsfotball neste sesong.

Til NRK Sogn og Fjordane seier Furebotn at fleire Eliteserie-klubbar har vist interesse for han den siste halvannan månaden. Ifølgje han sjølv skal dette vera klubbar blant topp ti.

Årdølen har vore i Sandnes Ulf dei to siste sesongane, men etter at dei lyseblå rykte ned håpar Furebotn at han kan få spela i Eliteserien neste sesong.

– Eg har ikkje fått konkrete tilbod, men eg ynskjer å snakke med klubbane og sjå kva interessa fører til før eg møter Sandnes Ulf att i starten av desember, seier 28-åringen og legg til at han ikkje stressar med klubbytet.

Sandnes Ulf hadde ein tung sesong med berre fire sigrar på 30 kampar. Ikkje ein gong mirakelmannen Tom Nordlie klarte å redde laget frå nedrykk, og måndag takka den karismatiske trenaren nei til vidare samarbeid med klubben.

Tidlegare Club Brugge-, Brann- og Vålerenga-spelar Bengt Sæternes tek over jobben som Sandnes Ulf-trenar neste sesong.

Furebotn var med i alle 30 kampar bortsett frå seks førre sesong og seier han helst vil fortsette på den øvste nivået i Noreg. Difor er også ein overgang tilbake til Sogndal uaktuelt.

– Eg vil ikkje spekulere for mykje, men det blir mindre aktuelt med spel i Sogndal når det også er interesse frå Eliteserien.

Til toppen