Sogndal - Viking: 1-2 (0-1)
Henrik Furebotn var plassert på kanten og verken han eller Sogndal greidde å finne ut av eit fintspelande Viking-lag. Det vart eit knepent 1-2 tap, men kunne fort ha blitt meir, trass ein saftig sluttspurt.
– Viking var berre betre enn oss. Me fekk ikkje tak på måten dei spelte, seier ein skuffa Furebotn etter kampen.
Les også: To kanonskot fekk Sogndal ned på jorda
Les også: Han varta opp med fleire feberredningar: – No er eg berre sur
Han har ikkje nokon god forklaring på kvifor dei ikkje greidde å følgje oppskrifta som har fungert gong på gong denne sesongen: høgt press og beinhard jobbing.
– Det var berre ein veldig skuffande kamp frå vår side. Det var ikkje godt nok, enkelt og greitt, seier han.
Trenar Eirik Bakke meinte etter kampen at ei nykomponert midtbane var noko av forklaringa på kvifor Sogndal aldri fann flyten i spelet.
– Det er mange år sidan eg har spelt kant, så det var sjølvsagt litt uvant. Men eg prøvde så godt eg kunne. Det gjekk no ok minus, meiner Furebotn sjølv.
Det positive er at Sogndal likevel var nær ved å rane til seg eitt poeng, på ein dag der lite stemte.
– Det er berre synd at det er eit mål som skal til før me verkeleg får tru på det. Då byrja plutseleg publikum òg å få trua og me vart eit heilt anna lag. Det er litt forbanna at det skal vere slik, seier Furebotn.