Ja:  Høgskulestyret sa ja til fusjon og HiSF går no etter alt å døma inn i den nye organisasjonen Høgskulen på Vestlandet. Foto: Ole Ramshus Sælthun
Ja: Høgskulestyret sa ja til fusjon og HiSF går no etter alt å døma inn i den nye organisasjonen Høgskulen på Vestlandet. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Fusjonen er eit faktum

Styret i HiSF (Høgskulen i Sogn og Fjordane) vedtok å fusjonera med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund.

Høgskulestyret går inn for fusjon med 6 mot 5 røyster. Namnet på den nye organisasjonen blir etter alt å døma Høgskulen på Vestlandet.

Prorektor i kvar nærregion

Fusjonsavtalen låg klar, og styret ved HiSF skulle bestemma seg for om dei gjekk inn for avtalen eller ikkje. Hovudpunkta i avtalen er:

  • Høgskulen på Vestlandet er foreslått som namn på den nye høgskulen.
  • Forsking og innovasjon har fått ein tydelegare plass i avtalen. Det gjeld også universitetsambisjonen.
  • Prorektorrollen er konkretisert, slik at det no er tydelegare at prorektorane både har eit fagleg-administrativt ansvar og eit ansvar for  «sin» nærregion.
  • Det er lagt til ei formulering som tar særskilt omsyn til vidareutviklinga av disiplinmiljøa, med særleg adresse til Høgskulen i Sogn og Fjordane.
  • Studentane får tre representantar i interimstyret. Dei tekniske-administrative tilsette blir representert med ein, i tillegg til to møtande vararepresentantar.

Porten.no kjem med reaksjonar på den vedtekne fusjonen seinare i dag.

Til toppen