TRENG PENGAR: Fylka har søkt om 465 millionar, medan potten som skal fordelast er på 126,5 millionar kroner.​ Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
TRENG PENGAR: Fylka har søkt om 465 millionar, medan potten som skal fordelast er på 126,5 millionar kroner.​ Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune. (Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Fylka ber om breibandhjelp

15 fylke har søkt Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) om å få pengar til å byggje ut breiband. Fylka har søkt om 465 millionar, medan potten som skal fordelast er på 126,5 millionar kroner.

Indre Sogn: Både talet på søknader og beløpet det er søkt om har gått ned sidan i fjor. Breibandstøtteordninga skal bidra til at alle brukarar i Noreg får tilgang til grunnleggjande breiband av god kvalitet, og/eller til å auke tilbodet av høgfartsbreiband i grisgrendte område.

Den offentlege støtta skal finansiere breibandutbygging i område der dei kommersielle aktørane ikkje finn det lønnsamt å byggje breiband.

I år er det Nord-Trøndelag som har søkt om mest pengar, med høvesvis Nordland og Sogn og Fjordane på andre- og tredjeplass. Kor mykje breibandpengar kvart fylke får, vil bli klart til hausten. (©NPK)

Til toppen