Fylkeskommunal støtte til Lærdal

Lærdal kommune får tre millionar i omstillingsmidlar i 2016.

Lærdal: Det bestemte hovudutvalet for næring og kultur tysdag. Saman med Lærdal får Askvoll og Hyllestad til saman 6,65 millionar kroner i omstilllingsstøtte frå fylkeskommunen i 2016.

Av dei tre er det Lærdal som får desidert mest av potten med tre millioner kroner. 

Lærdal fekk omstillingsstatus etter at kommunen over ein periode mista fleire attraktive arbeidsplassar. 

No er kommunen halvvegs i omstillingsløpet, og målet om arbeidsplassvekst er innan rekkevidde. Lærdal har omstillingsstatus fram til 2018. 

Til toppen