WITTGENSTEIN: Fylkeskommunen føreslår å freda Wittgenstein sitt hus på Skjolden.
WITTGENSTEIN: Fylkeskommunen føreslår å freda Wittgenstein sitt hus på Skjolden. (Foto: Linda Watten)

Fylkeskommunen føreslår å freda Wittgenstein-huset på Skjolden

I fjor stod huset til Wittgenstein oppført i opphaveleg stand att. No har fylkeskommunen lagt ut fredingssaka til offentleg høyring.

Luster: Vestland fylkeskommune føreslår å freda Ludwig Wittgenstein sitt hus på Skjolden i Luster, skriv kommunen på sine nettsider.

I fleire år har Luster kommune og andre interesserte arbeida for å få huset flytta tilbake til opphaveleg stad, etter at huset blei flytta og omgjort til ein ny bustad på Skjolden i 1958. I 2014 blei Stifitinga Wittgenstein oppretta, medan huset stod på plass plass i fjor.

Forslaget omfattar Wittgenstein sitt hus, med både ekstriør og interiør, som inkluderer vindauger, dørar, gerikter, listverk, eldstadar og fast innventar. I tillegg til stien frå Eidsvatnet opp til huset.

Bevaring av huset

Huset til Ludwig Wittgenstein ligg plassert på ei fjellhylle over Eidsvatnet på Skjolden. I fredingssaka kjem det fram at formålet er å bevare huset, som er eit bygningshistorisk og kulturhistorisk døme på Wittgenstein sin bustad og arbeidsplass. Det var der han skreiv delar verket Filosofiske undersøkingar, som blir rekna som eit av hovudverka i det tjuande århundre sin filosofi.

– Fredinga skal sikre dei kulturhistoriske og bygningshistoriske verdiane i heilskapen mellom bygningen, stien og tomta. Slik dei vart utforma av Ludwig Wittgenstein i den tida han arbeidde med verket, Tractatus Logico-Philosophicus, skriv fylkeskommunen i fredingssaka.

Til toppen