TIl saman er det 65 lærlingar i Vestland fylke. Martin Svendsen, frå Vangsnes er lærling i IKT-servicefaget.
TIl saman er det 65 lærlingar i Vestland fylke. Martin Svendsen, frå Vangsnes er lærling i IKT-servicefaget. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Fylkeskommunen har i dag 65 lærlingar - og dei vil ha fleire

Lærlingkoordinator Frank Halhjem, seier at målet til Vestland fylkeskommune er 70.

Vestland: – Ved årskiftet hadde vi 65 lærlingar i Vestland fylkeskommune. I underkant av 30 lærlingar skal ta fagprøva i år, og vi får nye lærlingar. Målet vårt er å ha 70 lærlingar, seier Frank Halhjem, lærlingekoordinator i Vestland fylkeskommune, i ei pressemelding.

IKT er det største faget, med kontorfag på 2. plass og dataelektronikarfaget på 3. plass. I vinterferieveka var dei 28 lærlingane i IKT-service- og dataelektronikarfaget i fylkeskommunen samla på Amalie Skram videregående skole for å bli kjende med kvarandre og å få ny kompetanse.

– Det er fint å få møte dei andre lærlingane, kome seg ut og få ny kompetanse innan ulike felt. Eg skal ta fagbrev og satsar på å bli noko innan data, seier Martin Svendsen, frå Vangsnes.

Han er lærling i dataelektronikarfaget og har jobba på fylkeshuset på Leikanger sidan i fjor sommar.

Ettertrakta IKT-lærlingar

21 av lærlingane går første året på vidaregåande skule, mens sju går andre året og skal ta fagprøva til sommaren. Stig Thomas Boge er ansvarleg for samlinga kan fortelje at det er fjerde gong dei arrangerer ei slik samling ved Amalie Skram.

– Lærlingane på andre året får eit spesielt opplegg med å førebu seg på fagprøva. Dei får testa seg i eit fagprøvescenario, der dei får leike seg og teste ut kva fagprøva går ut på. Vi terpar på fagstoff og gjer dei klare for fagprøva. Dei som tok fagprøva i fjor, gjorde det svært bra, seier Boge.

Han kan fortelje at særleg IKT-lærlingane er ettertrakta og at det er lett for desse å få jobb innan brukarstøtte, tekniske område og som konsulent.

– Dei kan og ta vidareutdanning, få generell studiekompetanse og gå på høgskule, fagskule eller universitet, seier Stig Thomas Boge.

Alle 28 lærlingane i IKT-servicefaget og dataelektronikarfaget i Vestland fylkeskommune har i vinterferien vore samla på Amalie Skram videregående skole. Foto: Vestland fylkeskommune
Til toppen