HEILGARDERING: Fylkeskommunen har heilgardert seg, og lagt ut ruter for skyss ut og inn frå Årdal fram til og med måndagen som kjem. Rutene ligg på «trafikkmeldingar» på Kringom.no sine sider.
HEILGARDERING: Fylkeskommunen har heilgardert seg, og lagt ut ruter for skyss ut og inn frå Årdal fram til og med måndagen som kjem. Rutene ligg på «trafikkmeldingar» på Kringom.no sine sider.

Det er laga i stand alternative bussruter for Årdal fram til og med måndag

Dei nye bussrutene finn ein på Kringom.no under «Trafikkmeldingar».

LA UT NYE RUTER: Fylkeskommunen har lagt ut nye bussruter på Kringom.no for Årdal som gjeld fram til og med måndagen som kjem. 

 Årdal: – Me har laga eit opplegg som skal fungera fram til og med måndag. So er det gjort no før helga, fortel Nils Solheim. 

– Dersom vegen er stengd på måndag òg, so skal folk vita kva dei har å forhalda seg til. Vert tunnelen stengt endå lenger enn til måndag, so tek me det derifrå. 

Han opplyser vidare at dei vil gå tilbake til dei gamle bussrutene dersom tunnelen vert opna før fyrstkomande måndag.

Til toppen