SEL FJORD1: Fylkeskommunen har blitt einig med Havila om eit sal av Fjord1. 
SEL FJORD1: Fylkeskommunen har blitt einig med Havila om eit sal av Fjord1.  (Foto: Pressefoto)

Fylkeskommunen sel Fjord1 til Havila

I ei pressemelding skriv fylkeskommunen i dag at dei har signert ein avtale om sal av nær halvparten av aksjeposten i Fjord1 til Havila-konsernet.

NØGD: Fylkesordførar Jenny Følling er nøgd med avtalen som vart underskriven i dag.
NØGD: Fylkesordførar Jenny Følling er nøgd med avtalen som vart underskriven i dag.

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig i dag 59 prosent av aksjane i Fjord1. Havilafjord, eit dotterselskap av Havila-konsernet, eig dei resterande 41 prosenta.

Avtalen som vart underskriven i dag betyr at fylkeskommunen sel seg ned til ein eigardel på 33 prosent. Dermed vil Havilafjord bli sitjande med 67 prosent av selskapet.

– Det har vore krevjande forhandlingar, men med ein god tone. Vi har komne fram til ein avtale som begge partane kan leve med, seier fylkesordførar Jenny Følling. 

Les også: Optimisme rundt nye Fjord1-forhandlingar
Les også: Forbyr Torghatten-Fjord1

Vil prøve å sikre regionalt eigarskap

Dei resterande aksjane kan verte selde innanfor ein påfølgjande opsjonsperiode på vel 2 år, fortrinnsvis til investorar med tilknyting til Vestlandet.

Avtalen føreset godkjenning både i styret til Havilafjord og i fylkestinget. Det vil skje i slutten av august. Det siste hindret på vegen er godkjenning av Konkurransetilsynet. Det var der det stoppa opp sist.

– Vi trur Konkurransetilsynet vil godkjenne dette her. Men det er dei som må ta den vurderinga, seier Følling. 

Vil ikkje avsløre salssummen

Då fylkeskommunen i fjor vart einig om å selje heile aksjeposten på 59 prosent til Torghatten, var prisen omlag 1,2 milliardar. Fylkesordføraren vil ikkje avsløre kva aksjesalet til Havila vil gje i kroner og ører. 

 – Vi kan ikkje gå inn på størrelselsorden. Det er opplysningar vi ikkje kan gå ut med. Men denne avtalen speglar verdien i Fjord1, seier ho. 

Følling er spesielt glad for at fylkeskommunen har greidd å sikra regionalt eigarskap, ved at dei får to år på seg til å søkje etter regionale investorar som kan kjøpe ut dei siste 33 prosenta.
 

Til toppen