Indre Sogn: Ifølgje dommen kan kraftaksjane no overførast til kommunane i Sogn og Fjordane, går det fram av ei pressemelding.
Saka vart først oppe i Sogn og fjordane tingrett, som òg fastslo at fylkeskommunen kan overdra kraftaksjar til kommunane i Sogn og Fjordane utan at dette vil utløyse forkjøpsrett for energiselskapet BKK.
– Eg er veldig glad for at vi har fått medhald i lagmannsretten om at vi kan overdra aksjane til kommunane. Dette er ein full siger for oss i denne instans, sa fylkesordførar Jenny Følling (Sp) til NRK.
Konflikten starta etter at fylkeskommunen, som største eigar i Sogn og Fjordane Energi (SFE) gjekk til søksmål mot BKK, som nest største eigar, for å avklare om dei vil ha forkjøpsrett ved ein eventuell overføring av aksjane mot fylkessamanslåinga mellom Sogn og Fjordane og Hordaland.