VERT PRIORITERT: Nynorske litteraturdagar i Aurland vert ein av seks festivalar som skal prioriterast frå fylkeskommunen si side fram mot 2019. Foto: Kaja Nygård.
VERT PRIORITERT: Nynorske litteraturdagar i Aurland vert ein av seks festivalar som skal prioriterast frå fylkeskommunen si side fram mot 2019. Foto: Kaja Nygård. (Bilde: Kaja Nygård)

Fylkeskommunen vil satse på Litteraturdagane

Sogn og Fjordane fylkeskommune har for første gong laga ein eigen festivalstrategi, som prioriterer seks festivalar i fylket.

Aurland: Blant desse seks finn ein Nynorske litteraturdagar, som kvar haust finn stad i Aurland. Dei andre prioriterte festivalane er Førdefestivalen, Norsk Countrytreff, Malakoff rockfestival, Gloppen Musikkfest og Teaterfestivalen i Fjaler.

Sogn og Fjordane har mange festivalar, både store og ganske små. Felles for dei er at dei er viktige for lokalmiljøet, kommunane og for fylket som heilskap.

– Festivalane har utvikla seg til å bli ein sentral del av kultursatsingane både i kommunane, i fylket og for staten gjennom Norsk kulturråd. Me har ambisjonar for festivalane våre, noko som kjem fram gjennom ein slik aktiv og medviten strategi. Det er del av heile den kulturpolitiske satsinga til fylkeskommunen, seier fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim.

Vert ein del av regional kulturplan

Festivalstrategien vert del av den regionale kulturplanen, som skal gjelde frå 2019.

At desse seks festivalane er prioriterte, betyr ikkje at ikkje andre festivalar også kan få støtte frå fylkeskommunen. Men det betyr at desse seks er dei festivalane fylkeskommunen vil inngå fleirårige avtalar med i samband med søknad om tilskot frå kulturrådet.

Fylkeskommunen nyttar i dag om lag 5,3 millionar kroner til festivalar i året. Planen er at denne summen skal liggje fast også i åra framover.

Kan søkje om støtte for meir enn eitt år

Bakgrunnen for festivalstrategien er at festivalar som ønskjer å søkje støtte frå kulturrådet for meir enn eitt år om gongen, må ha ein avtale med vertskommune eller fylkeskommunen.

Fylkeskommunen inngår no ein femårig avtale med Førdefestivalen og treårige avtalar med dei andre prioriterte festivalane. Fylkeskommunen føreset at også vertskommunen inngår avtale med festivalen. Avtalane gjeld frå 2018.

Ordninga med slike avtalar er ny, og avløyser ordninga med knutepunktfestivalar, som gav enkelte festivalar faste statlege overføringar over statsbudsjettet. I Sogn og Fjordane var Førdefestivalen og Norsk Countrytreff knutepunktfestivalar.

Til toppen