HYDROGENPROSJEKT: Ferjer med hydrogen-elektrisk drift er det neste på hydrogenfronten. Som ein av dei første i verda, har Statens vegvesen lyst ut ein utviklingskontrakt for ei slik ferje. Planen er at ferjesambandet Hjelmeland–Nesvik utanfor Stavanger skal trafikkerast av hydrogenferja.

Fylkeskommunen vil støtte hydrogenprosjekt

Sogn og Fjordane fylkeskommune vil bidra til at fylket vert ein føregangsregion for hydrogenteknologi. Difor lyser dei no ut midlar til forprosjekt som bidreg til ei slik utvikling.

Energimeldinga frå 2016 kom med nasjonale føringar på at meir av den norske fornybare energien skal nyttast til å redusere utslepp av klimagassar, mellom anna innanfor transportsektoren.

Utvikling av nullutsleppsløysingar som nyttar batteri-, hydrogen- og brenselcelleteknologi står sentralt her.

– Med vårt netto kraftoverskot og eit næringsliv som er svært konkurransedyktige innanfor ulike bruksområde for hydrogen, er dette eit naturleg satsingsområde for Sogn og Fjordane. Med den nye tilskotsordninga vil me hjelpe næringslivet til å vere med på denne utviklinga, som kjem til å gå raskt dei neste 5–10 åra, seier Elisabet Kjerstad Bøe, som er leiar for prosjektet Hydrogen Region Sogn og Fjordane.

Kvart forprosjekt kan få inntil 400 000 kr, og prosjekta skal bidra til å drive fram hydrogenbaserte verdikjeder i regionen. Element som kan inngå i ei hydrogenbasert verdikjede er

  • hydrogenproduksjon basert på fornybar energi
  • infrastruktur for tanking, lagring og distribusjon
  • eit sluttbrukarledd eller ein potensiell marknad innan fleire bruksområde
Til toppen