PRISVINNAR: Dans utan grenser er vinnar av fylkeskulturprisen 2016. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik
PRISVINNAR: Dans utan grenser er vinnar av fylkeskulturprisen 2016. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik

Fylkeskulturpris til Dans Utan Grenser

Hovudutval for næring og kultur tildelte prisen samrøystes i møte 22. november.

– Det er ekstra gledeleg med ein vinnar som set ungdommen i sentrum og gir dei tillit. Dei får vere med å bestemme retninga vidare, og gjennom verkstadane har vi og fått nye profesjonelle dansarar i fylket, seier hovudutvalsleiar Karen Marie Hjelmeseter i ei pressemelding. 

Prisvinnar Ove Henning Solheim og Dans Uten Grenser har 10 års jubileum i Sogn og Fjordane i 2016, og set ungdom i sentrum. Fylkeskulturprisen 2016 blir delt ut under fylkestinget 6. desember.

Les også: Dans utan grenser

Les også: Her legg dei siste finpuss på danseshowet

50 000 kroner

Det kom i år inn 15 framlegg til kven som burde få prisen. Nemnda for prisen samla seg om tre kandidatar som vart lagt fram for hovudutvalet: Ove Henning Solheim og Dans Uten Grenser, Judith Vestrheim og Jan Ketil Smørdal.

Les også: Kan vinna fylkeskulturprisen

Prisen er ein diplom og ein sum på 50 000 kroner som vert delt ut på fylkestinget 6. desember 2016.

Til toppen