PÅ PLASS: Vibeke Johnsen, Vigdis Heimdal Reknes, Eldrid Skudal, Gaute Losnegård, Åsmund Berthelsen, Hege Lothe og Ann-Kristin Førde representerer Sogn og Fjordane på SV sitt landsmøte. Foto: Sogn og Fjordane SV.
PÅ PLASS: Vibeke Johnsen, Vigdis Heimdal Reknes, Eldrid Skudal, Gaute Losnegård, Åsmund Berthelsen, Hege Lothe og Ann-Kristin Førde representerer Sogn og Fjordane på SV sitt landsmøte. Foto: Sogn og Fjordane SV.

Fylkeslaget vil ta kampen for landbruket på landsmøtet

Fredag opnar Sosialistisk Venstreparti sitt landsmøte på Gardermoen, der Sogn og Fjordane SV er godt representert.

Gardermoen: Her er dei klare for å ta kampen for landbruket, fortel delegasjonen i ei pressemelding. 

– Me i Sosialistisk Venstreparti vil kjempe for eit framtidsretta landbruk i lag med bøndene. Me meiner at regjeringa sin liberalistiske landbrukspolitikk vil verke sentraliserande og at dei fleste av tiltaka den nye meldinga er feil medisin, ikkje minst for landbruket på Vestlandet og i Nord-Noreg, seier stortingskandidat Vibeke Johnsen frå Sogndal. 

Nyleg la regjeringa fram landsbruksmeldinga si som har møtt massiv kritikk hjå mange bønder. Her foreslår dei mellom anna å kutte ned på talet på kvoteregionar for mjølkeproduksjon, å endre eller avvikle fleire av marknadsordningane i landbruket og å avvikle avløysarordninga. 

– Sosialistisk Venstreparti vil at landbruket framleis skal bidra til spreidd busetnad. Me vil prioritere små og mellomstore bruk og jobbe for ei god inntektsutvikling i næringa, seier Johnsen.

– Me vil arbeide for eit sterkt grensevern, strengt vern av matjord og ein produksjon basert på lokale råvarer. me vil vidareføre ordningane der samvirkeorganisasjonane utøver marknadsregulering. Dette er ordningar som har fungert og tryggja bøndene sine kår i over 80 år.

Til toppen