GRØNT I SOGN: Hilmar Høl, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, fortel om korleis han har opplevd dei siste dagane etter det dramatiske valet for Arbeidarpartiet i heimkommunen. Foto: Ina Eirin Eliassen
GRØNT I SOGN: Hilmar Høl, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, fortel om korleis han har opplevd dei siste dagane etter det dramatiske valet for Arbeidarpartiet i heimkommunen. Foto: Ina Eirin Eliassen

Fylkesleiaren i Ap hadde mest lyst til å gøyme seg

Hilmar Høl, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, har no kome seg etter dramatikken og sjokket under kommunevalet i Årdal måndag kveld. 

Årdal: Høl var på valvaka til NRK Sogn og Fjordane på Sunnfjord hotell denne kvelden. 

– Eg må berre erkjenne at då valresultatet i Årdal kom, så gjekk eg ned på rommet med fylkessekretæren og gøymde meg vekk ei stund. Eg var svært skuffa og visste at eg om kort tid måtte kommentere resultatet på NRK si tv-sending. Til slutt fekk eg summa meg, eg gjekk for å gratulere Aleksander Øren Heen (Sp) for så å bli intervjua på tv, fortel Høl til Porten.no. 

Årdølen legg ikkje skjul på at både måndag og tysdag var tunge dagar, etter det han kallar eit tidskille i årdalspolitikken. Dei siste 20 åra har ikkje Årdal Arbeidarparti vore under 70 prosent i oppslutning under kommunevala i industrikommunen. 

Høl hadde tippa Årdal Ap kunne gå tilbake med 10 til 15 prosent i valoppslutning under årets val, ikkje 30 prosent.

Les også: Her er det nye kommunestyret i Årdal

Skuffa over oppmøtet 

– Kva trur du er årsaka?

– Det er vanskeleg å seie, men eg er skuffa over at oppmøtet i Øvre var så dårleg, då det er der me har følt det har vore flest Ap-sympatisørar. Det er nok ei tue som kan ha velta det store lasset. Men dette er synsing frå mi side og ikkje ei unnskyldning for det endelege resultatet, seier han. 

Høl meiner partiet no må gå i seg sjølv og analysere kva som har skjedd på godt og vondt. Han gir all ære til Heen og Årdal Senterparti for ein god valkamp, og meiner Årdal Ap her har ein jobb å gjera. 

– Kva seier folk du har snakka med i bygda?

– På benken på torget i Øvre er det mykje snakk om oppmøtet og at folk ikkje har gjordt stemmeplikta si. Det er også ein valkamp som tydeleg har vore prega av at me er eit delt samfunn. Den utfordringa må det nye kommunestyret ta, seier han. 

Høl meiner eit så stort parti må ta ansvar i både gode og dårlege tider, men at det har vore vanskeleg å setta dagsorden no når økonomien i kommunen har vore dårlegare. 

Les også: Høl: – Difor kom Årdal på Robek-lista

– Slitasjen på Ap har vore stor dei siste fire åra. Partiet har jobba for å få Årdal ut av ei økonomisk klemme og eg meiner me har klart å halde tenestenivået like høgt som det har vore. Dette året har Ap jobba for å stabilisere økonomien, slik at me får meir råderett i neste periode og kan ta utfordringane i åra framover med fleire eldre i kommunen. 

Likevel vil han ikkje spå kva grep Årdal Ap bør gjera, noko han seier er opp til styret i Årdal Ap å ta tak i. 

Skremmande utvikling i fylket

Utviklinga i Indre Sogn er og noko som skremmer fylkesleiaren. Tyngdepunktet for Ap sitt fotfeste innad i fylket er flytt til Sunnfjord, då det i Sogn no bles ein grøn vind etter brakvala til Sp i både Luster, Årdal, Lærdal og på fylkestinget. 

– Det er noko me i Sogn og Fjordane Ap må ta på alvor. Me gjer eit kjempeval på mange plassar i Sunnfjord, og mange dårlege val i Sogn. Tyngdepunktet til Ap er no i Sunnfjord. Dette må partilaga i Sogn ta innover seg, og kanskje meir i fellesskap gjere grep framover. Sogn og Fjordane Ap gjer eit kjempeval under fylkestingsvalet, og har framgang frå sist val då me fekk fylkesordføraren, men Sp gjer det betre, seier Høl. 

Likevel er han klar på at samarbeidet med Sp, i tillegg til KrF og SV, fungerer godt og skal fortsetta. 

– Sp støtta oss i denne perioden, no er det vår til å støtta Sp i dei neste fire åra. Så det blir framleis eit raudgrønt samarbeid, seier Høl. 

Les også: Grøn bris over fylket

Til toppen