VINDKRAFT: I Høyangerfjella og Viksdalen ønskjer Fred. Olsen Renewables vindkraftverk.
VINDKRAFT: I Høyangerfjella og Viksdalen ønskjer Fred. Olsen Renewables vindkraftverk. (Illustrasjonsfoto: Vilde Grimelid Oppedal / Arkiv)

Fylkesmann seier nei til vindmåler i Høyanger-fjella

Det betyr dårlege nyheiter for vindkraftselskapet Fred. Olsen Renewables som ville setje opp vindmåler i området.

Høyanger: Planutvalet i Høyanger kommune valde å ikkje gje dispensasjon til å setje opp vindmåler i Høyanger-fjella. Vindkraftselskapet Fred. Olsen Renewables AS klaga på vedtaket, men no stadfestar Fylkesmannen at det ikkje vert gjedd dispensasjon. Det skriv Ytre Sogn.

– Fylkesmannen har konkludert med at Høyanger kommune har vurdert saka etter gjeldande regelverk, og me kan ikkje sjå at kommunen har lagt vekt på usaklege eller utanforliggjande omsyn, skriv assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid i brevet til Høyanger kommune.


Fylkesmann: – Større ulemper enn fordeler

Fred. Olsen Renewables søkte om dispensasjon frå LNF-føremål til utbygging av vindmåler for å kartlegge vindmuligheitane for den planlagte vindparken.  

I oktober 2019 vedtok Planutvalet i Høyanger kommune å ikkje gje dispensasjon. Vindkraftselskapet klaga på vedtaket ein månad seinare på fleire grunnlag. Dei meinte at vedtaket var ugyldig fordi det var mangelfullt grunngjeve, at det var teke utanforliggjande omsyn, og at vedtaket difor var lovstridig.

Saka vart behandla av Planelutvalet i Høyanger kommune i mars og vart vidaresendt til Fylkesmannen i Vestland for endeleg avgjerd. 

Fylkesmann har uttalt at planane til vindkraftselskapet er i strid med dagens LNF-føremål og at det er større ulemper enn fordeler ved tiltaket. 

Likevel meiner Fylkesmannen at det er høve for å gjere ei vurdering av plasseringa til vindmåleren i ei større samanheng, då hovudhensikten med tiltaket er å tilretteleggje for ei større vindkraftutbygging. 

– Me ser likevel at vurderingane av vilkåra for dispensasjon burde ha vore tydelegare og betre grunngjeve. Likevel er det på det reine at kommunen ikkje ønsker å gje dispensasjon, meiner Fylkesmann. 

Til toppen