FRAMLEIS ALVORLEG: Rådgjevar Line Pedersen Døsen hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har hatt ansvar for det omfattande tilsynet med Sogn barnevern. Foto: arkiv.
FRAMLEIS ALVORLEG: Rådgjevar Line Pedersen Døsen hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har hatt ansvar for det omfattande tilsynet med Sogn barnevern. Foto: arkiv.

Fylkesmannen: – Avvik i alle fasar av sakshandsaminga

Talet avvik går ned frå elleve til åtte, men konklusjonen til Fylkesmannen er den same i endeleg tilsynsrapport med Sogn barnvern.

Sogndal: – Me står framleis på at funna samla sett representerer eit alvorleg brot på forsvarlegkravet. Det er avvik i alle fasar av sakshandsaminga til barnevernet, frå mottak av melding til oppfølging av tiltak, seier rådgjevar Line Pedersen Døsen hos Fylkesmannen, som har hatt ansvar for det omfattande tilsynet av Sogn barnevern.

Les også: Endeleg rapport om barnevernet frå Fylkesmannen er klar

Fylkesmannen har gått gjennom 21 henlagde meldingar og saksmappene til 207 barn i perioden frå januar 2015 til september 2016. Bakgrunnen for tilsynet var frykt for at problema i Sogn barnevern kunne gå ut over tenestene til barn og familiar i Balestrand, Leikanger, Luster og Sogndal.

Som vi skreiv før helga er talet avvik redusert til åtte i den endelege rapporten, mot elleve i den førebelse. Men konklusjonen er den same: at Sogn barnevern har for høg terskel for undersøking og tiltak, ikkje er tett nok på ved oppfølging av tiltak i og utanfor heimen og avsluttar saker på mangelfullt grunnlag.

Kommunen leverte ein førebels forbetringsplan til Fylkesmannen 31. januar og har frist til 15. mars for å sende den endelege versjonen av forbetringsplanen. Rådgjevar Pedersen Døsen seier at dialogen med kommunen undervegs har vore god.

– Eg opplever at dei tek dette på alvor og er opptekne av å sjå framover, seier ho.

Til toppen