KRITISK: Fylkesmann i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre, rår strekt frå at det blir gitt konsesjons til Nundalselvi kraftverk i Årdal. Kart: Mapbox.com
KRITISK: Fylkesmann i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre, rår strekt frå at det blir gitt konsesjons til Nundalselvi kraftverk i Årdal. Kart: Mapbox.com

Fylkesmannen er kritisk til kraftutbygginga i Nundalselvi 

Bakgrunnen er at Fylkesmannen vurderer utbygginga av Nundalselvi kraftverk som konfliktfull, då den mellom anna kan råke sjeldne og truga artar i naturen.

Tidlegare denne veka gjekk eit samrøystes formannskap i Årdal inn for at det blir gitt konsesjon til bygging av Nundalselvi kraftverk.

Les også: Kommunen seier ja til kraftutbygging i Nundal

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane skriv på sine nettsider, at ho rår sterkt frå at det blir gitt konsesjon til Nundalselvi kraftverk i Årdal.

Negative til utbygginga

Dermed har Fylkesmannen same ståstad som både Sogn og Fjordane Turlag, Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og Forum for natur og friluftsliv, som er negative til søknaden om utbygginga.

Sjølv om prosjektet vil ha positiv økonomisk verknad for innbyggarane gjennom å auka produksjon av fornybar energi, har Fylkesmannen vurdert om utbygginga vil føre til naturinngrep og få konsekvensar for allmenne interesser som  naturmiljø, landskap og friluftsliv. Det er registrert ei viktig bekkekløft på så godt som heile utbyggingsstrekninga, der det er godt potensial for fleire sjeldne og trua artar.

Har alt realisert dei minst konfliktfulle prosjekta

Då mange av dei mest lønsame og minst konfliktfulle vassdragsprosjekta alt er realisert, er difor nye kraftprosjekt ofte meir konfliktfulle då dei i aukande grad fører til inngrep i verdifullle natur- og friluftsområde. 

Det er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som endeleg skal avklare søknaden. 

Til toppen