Indre Sogn: I Sogn og Fjordane tingrett har den tiltalte kvinna sagt seg skuldig i underslaga, skriv NRK, som først omtala saka.
Aktor gjekk igjennom kontoutskrifter som syner at kvinna har overført pengar til seg sjølv, til andre slektningar, kjøpt mat og klede og betalt for oppussing med broren sine pengar, for totalt 598.300 kroner.
Torsdag stilte advokat Anette Stegegjerdet Norberg som vitne i saka, ho er hjelpeverge for den fornærma mannen. Ho sa at Fylkesmannen fekk bekymringsmeldingar om hendinga i 2013, 2014 og 2015, og kritiserer måten Fylkesmannen har handla på, skriv Sogn Avis.
Broren: – Veldig urettferdig
Den tiltalte kvinna sa i si forklaring onsdag at mykje av kjøpa var til broren, som til dømes klede, møblar, musikk og film. Men ho sa òg at ein sum var brukt til å betala gjelda hennar.
Forsvararen til kvinna, Per Kjetil Stautland, sa ifølgje NRK, at den summen som står i tiltalen ikkje nødvendigvis er den summen tiltalte erkjenner, sjølv om ho sa «ja» til skuldspørsmålet.
Underslaga har medført konsekvensar for broren, som hadde spart i mange år med mål om å kjøpe eigen bustad.
Anette Stegegjerdet Norberg, mannen sin advokat og nye verge, seier til avisa at dette er ein vanskeleg situasjon for han, og at det er urettferdig.
– Han tykkjer dette er ein veldig vanskeleg situasjon å vera i. Ikkje minst fordi verja er ein person han har hatt veldig tillit til.