DELVIS INNSYN: Fylkesmannen gir delvis innsyn i barnevernrapport.
DELVIS INNSYN: Fylkesmannen gir delvis innsyn i barnevernrapport.

Dei tilsette får store delar av skulda for at arbeidsmiljøproblema oppstod. Leiarane får skulda for å ikkje ha tatt dei på alvor

Fylkesmannen har etter klagehandsaming gjeve Porten.no innsyn i delar av rapporten frå Arbeidsmiljøspesialistane.

Sogndal: Etter ei ekstern gransking til 1,2 millionar vart det skrive ein omfattande rapport om dei tidlegare arbeidskonfliktane i Sogn barnevern. Heile 54 tidlegare og noverande tilsette og leiarar har vore inne til kartleggingssamtalar, medan rundt 2050 sider dokumentasjon har blitt gjennomgåtte.

Sogndal kommune har tidlegare avslege innsynskrav av omsyn til teieplikt og forsvarleg personalforvalting. No har Fylkesmannen bestemt at dei må gje ålmenta innsyn i delar av rapporten. I tillegg må kommunen vurdera å gje utvida innsyn for noverande eller tidlegare tilsette som har blitt intervjua i granskinga. Det skriv Fylkesmannen i ei pressemelding i dag. 

Porten.no er blant dei som har fått innsyn i 52 sider av rapporten, mellom anna innleiinga og dei faglege rammene for vurderingane og konklusjonane. Teiepliktige opplysningar er sladda vekk.

– Har vore særs utfordrande å vera leiar

I starten skriv Arbeidsmiljøspesialistane om gjennomføringa av granskinga. Der kjem det fram at då intervjurunda starta, oppdaga granskarane at det mangla dokumentasjon frå kommunen i mange viktige saker. 

I oppsummeringa får dei tilsette ein god del av skulda for arbeidsmiljøkonfliktane som oppstod. Fleire var kritiske til samanslåinga av barneverna i Sogn, noko dei gav ope uttrykk for lenge etter at den var eit faktum. Fagleg usemje skal òg ha bidrege til å trigga konfliktar i starten.

– Vår gjennomgang av saka viser tydeleg at det i periodar har vore særs utfordrande å vera leiar i Sogn barnevern og at mange tilsette gjennomgåande har vore vanskelege å leia, står det.

Arbeidsmiljøspesialistane skildrar ein «ukultur i avdelinga der ein ikkje underordnar seg sakleg leiing, der ein i stor grad klagar og syt over ting ein er ueinig i eller skulle ønska var anleis, men som ein har ei klar plikt til å underordna seg.»

Rådmannen forstod ikkje alvoret, ifølgje rapporten

Samtidig får leiinga i kommunen kritikk for å måten dei har reagert på desse konfliktane på og for måten varslingar har blitt handterte. Dei blir aldri handterte «fullt ut». Alvoret i problema blir ikkje forstått. Sakshandsaminga er mangelfull.

– Det at ein ikkje får svar og klare konklusjonar på innspel, klagar og varsel basert på ei rettvis og grundig gjennomgang av saka innanfor ei rimeleg tidsramme, er i neste omgang med å bidra til ein «sytekultur» der ein aldri legg saker død, skriv granskarane.

Rådmann Jostein Aanestad blir trekt fram som ein av dei som ikkje forstod alvoret, blant anna då ein tidlegare kommunalsjef brukte uttrykk som «mobbing, trakassering og traumatisering» om dei tilsette sine opplevingar og reaksjonar.

– Rådmannen skulle då etter vår oppfatting umiddelbart sett i gang nærare undersøkingar av desse tilhøva, skriv granskarane.

Rådmannen har sjølv sagt i kartleggingssamtalar at han først forstod at det gjaldt konkrete innmeldte klager seinare, då det kom formelle skriftlege varsel.

Kommunen mangla gode prosedyrar

Kommunen blir ved fleire høve kritisert for å velja metodar for å handtera konfliktane som ikkje er tilpassa kor alvorlege dei har vore. Dei har òg i enkelte tilfelle late vera å undersøka varsel.

– Som ei avsluttande oppsummering kan me på generelt grunnlag og litt «sett på spissen» seia at rådmannen i for liten grad går inn i konfliktane og undersøker dei underliggende tilhøva på ein rettvis og grundig måte, for så å ta aktivt stilling til om arbeidsmiljølova er broten og om det eventuelt skal settast i verk relevante tiltak i tråd med den foreliggande undersøking og konklusjon.

Etter kvart meiner granskarane å sjå at leiarane òg blir dratt inn i konflikten. Dei blir irriterte og utviser til tider «destruktiv konfliktadferd», utan at dette direkte strir med arbeidsmiljølova. Blant anna gjeld dette rådmannen, kommunalsjef Marit Hagevik og barnevernsleiar Hadle Blikra.

Til å oppsummera skriv granskarane at problema med å handtera konfliktane ikkje er uvanlege i norsk arbeidsliv.

– I Sogn barnevern blir dette derimot så tydeleg og etter kvart spesielt problematisk som følge av det meget høge konfliktnivået og dei mange varsla og konfliktepisodane som oppstår gjentekne gongar over så lang tid. Dette betyr derimot ikkje at dei ulike leiarane som har vore involverte ikkje prøver som best dei kan å handtera saka. For mange blir likevel problema for overveldande og alvorlege, ikkje minst fordi ein manglar god metodikk og gode prosedyrar og metodar innad i kommunen. Så langt me kan sjå har ein ikkje hatt prosedyrar eller gode retningslinjer for konflikthandtering utover varslingsrutinane, er konklusjonen.

Til toppen