FÅR KRITIKK: Kommunelegen i Aurland er mellom anna uroa for manglar ved journalføringa ved Sogn lokalmedisinsk senter i Lærdal, noko han meiner kan vera farleg for pasientane. Arkivfoto
FÅR KRITIKK: Kommunelegen i Aurland er mellom anna uroa for manglar ved journalføringa ved Sogn lokalmedisinsk senter i Lærdal, noko han meiner kan vera farleg for pasientane. Arkivfoto

Fylkesmannen har opna tilsynssak etter uromelding frå erfaren lege

Sogn lokalmedisinske senter i Lærdal skal under lupa til Fylkesmannen, etter at kommunelegen i Aurland slo alarm.

Lærdal: Kommunelege Trygve Ness i Aurland har sendt brev til fylkeslegen der han skildrar kritikkverdige feil og manglar ved Sogn lokalmedisinske senter i Lærdal. Det skriv NRK, som òg kan melda at Fylkeslegen no har opna tilsynssak.

– Me har fått ei uromelding frå ein erfaren lege i fylket. Den tek vi på alvor og går inn i saka, seier fylkeslege Per Stensland til den statlege kringkastaren.

Få erfarne legar og lite kontinuitet er blant det som uroar Ness, i tillegg til manglar ved journalføringssystemet. I brevet til fylkeslegen hevdar Ness at det har skjedd ei alvorleg og livstrugande hending.

– Følgja er at det kan vere ting ein går glipp av, at informasjon ikkje blir gitt vidare. Det kan skje feilbehandling som kan få betydeleg konsekvensar for pasienten, seier Ness til NRK om konsekvensane av det tungvinte systemet.

Kommuneoverlege i Lærdal, Hans Johan Breidablik, seier til statskanalen at dei er kjende med enkelte av problemstillingane som no har blitt løfta, men meiner bestemt at dei driv forsvarleg.

Til toppen