OMFATTANDE TILSYN: Rådgjevar Line Døsen hos fylkesmannen har leia tilsynet av Sogn barnevern, som har har tatt for seg alle saksmappene dei siste to åra.
OMFATTANDE TILSYN: Rådgjevar Line Døsen hos fylkesmannen har leia tilsynet av Sogn barnevern, som har har tatt for seg alle saksmappene dei siste to åra.

Fylkesmannen la fram funn i nytt tilsyn av Sogn barnevern

Førebels rapport viser mellom anna at terskelen for å ta tak i uromeldingar har vore for høg. Rådmannen innrømmer at dei har slete med å gje forsvarlege tenester dei siste to åra.

Sogndal: I går hadde representantar frå fylkesmannen sett av heile dagen i Sogndal til å presentere funna dei har gjort etter eit omfattande tilsyn av Sogn barnevern. På bakgrunn av tilsynet har det blitt utarbeida ein førebels rapport.

Den endelege rapporten vil vere klar på nyåret, difor er folka bak førebels knappe med informasjonen om innhaldet.

– I dag har vi gått gjennom rapporten, funna og observasjonane våre i den. Kva konkret vi har snakka om kan eg ikkje seie så mykje om no, det står i rapporten, seier Line Døsen, rådgjevaren hos fylkesmannen som har leia tilsynet.

Les også: Helsetilsynet vil granske alle barnevernsinstitusjonane i landet
Les også: Skeptisk til å bruka vertsmodellen i barnevernstenesta

For høg terskel for å vurdere uromeldingar

Ho seier det var ei rekkje årsaker til at dei sette i gong tilsynet, mellom anna medieoppslag om det dårlege arbeidsmiljøet og andre kritikkverdige forhold i organisasjonen. I tilsynet har dei gått gjennom dokumenta i alle barnevernssakene dei siste to åra.

– Kva kan du seie om alvoret og omfanget av det de har funne? 

– Det trur eg du skal sjå på i rapporten, seier Døsen.

TEK TIL SEG KRITIKKEN: Rådmann Jostein Aanestad er nøgd med at tilsynet med barnevernet har vore grundig, og lovar at dei vil jobbe hardt for å sikre forsvarlege tenester.
TEK TIL SEG KRITIKKEN: Rådmann Jostein Aanestad er nøgd med at tilsynet med barnevernet har vore grundig, og lovar at dei vil jobbe hardt for å sikre forsvarlege tenester.

Sogn barnevern er eit interkommunalt samarbeid mellom Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster, der Sogndal er vertskommune. Rådmann Jostein Aanestad kallar tilsynsrapporten god og grundig.

– Det vi ser gjennom denne rapporten, er at vi i  2015 og 2016 har hatt betydelege utfordringar med å gje forsvarlege tenester. Det tek me på høgste alvor og vil jobbe hardt med framover for å sikre at vi har forsvarligheit i tenestene, seier han.

Han seier fylkesmannen spesielt har peika på at terskelen for å vurdere uromeldingar og for å yte tiltak ser ut til å vere for høg.

– Vi skal i større grad vurdere alle meldingar endå grundigare, for å sjå om det skal gjennomførast tiltak, seier Aanestad.

– Dette tilsynet har ikkje dreidd om arbeidsmiljø

I gårsdagens papirutgåve presenterte Sogn Avis ein konsulentrapport frå 2015 som skildrar eit krevjande arbeidsmiljø og eit høgt konfliktnivå i Sogn barnevern. I periodar har sjukefråværet vore på over femti prosent. Konklusjonen i rapporten var mellom anna at det hadde oppstått ein uheldig og skadeleg leiarkultur.

Rådmannen meiner dei langt på veg har lagt problema med det dårlege arbeidsmiljøet bak seg og seier at sjukefråværet er tilbake til eit normalt nivå.

– Dette tilsynet har ikkje dreidd seg om arbeidsmiljø, men om systema våre for tenesteyting. Men vi har hatt ein situasjon i 2015 og 2016, der vi i store periodar har hatt redusert kapasitet som følgje av høgt sjukefråvær. Når det gjeld sjølve arbeidsmiljøet, så har vi gjort ein betydeleg jobb for at det skal bli godt.

No har dei fått frist til 6. januar med å kome med tilbakemeldingar til den førebelse rapporten. I tillegg skal Sogn barnevern lage ein plan for korleis dei skal bli betre. 

– Vi synst det er ein særs god rapport, som gir eit særdeles godt utgangspunkt for vårt vidare arbeid. Så kjem vi nok til å levere vår forbetringsplan før 1. februar, slik at vi raskt kjem i gong med dei konkrete tiltaka, seier rådmann Aanestad.

Til toppen