Lærdal: Det var tilbake i februar i år at Lærdal kommune godkjende områdeplan del II for Håbakken Næringspark. Området er ikkje tidlegare regulert for utbyggingsføremål.
Det er ei kjend sak at Simas og Ecoinwaste vurderer å etablera eit pelletsfabrikk på området, noko naboar og fleire i bygda er kritisk til. Lærdal Elveeigarlag og fire grunneigarar klaga på vedtaket om del II, særleg ut frå jordvern-, naturmiljø-, landskaps- og fiskeinteresser.
Verknaden av ei slik, konkret etablering er ikkje vurdert i områdeplanen, og klagarane protesterte derfor på planarbeidet.
– Forsvarleg opplyst
Fylkesmannen har no handsama klagene og kome fram til at områdeplanen er forsvareleg opplyst.

– Dei areal- og lokalpolitiske vurderingane og konklusjonane som er gjort, ligg også innanfor kommunen sitt handlingsrom. Ulempene ved å byggje ut området er vurderte opp mot samfunnsinteressene ved å kunne tilby nytt næringsareal, og kommunen har lagt stor vekt på desse interessene, skriv Fylkesmannen, som også lagt vekt på omsynet til det lokale sjølvstyret og har difor stadfesta planen for delområde II.
– Ein vesentleg del av klagene gjeld ulemper ved framtidig drift på næringsområdet og til moglege konkrete etableringar. Dette er forhold som vil vere avhengig av kva type næring som vert etablert i medhald av planen, noko som ikkje er avgjort enno.
Ytterlegare krav
Områdeplanen vert omtalt som fleksibel, og som ein overordna plan som opnar for mange typar areal- og transportkrevjande næring.
– Det er derfor sett krav om ytterlegare detaljregulering og -utgreiing, ut frå kva type næringsverksemd som vert aktuell i framtida. Kravet om detaljregulering vil sikre at dei utgreiingane klagarane etterlyser, blir gjort og tekne stilling til før utbygging av næringsområdet.
For å sikre dette ytterlegare har Fylkesmannen endra planføresegnene, slik at krav om detaljregulering ikkje berre gjeld for industri, men all arealkrevjande næring i felt BN1.