KRITIKK: Organiseringa og styringa i Melås Helse AS får kritikk av Fylkesmannen etter at Christer (37) forsvann i mai i fjor. Arkivfoto
KRITIKK: Organiseringa og styringa i Melås Helse AS får kritikk av Fylkesmannen etter at Christer (37) forsvann i mai i fjor. Arkivfoto (Foto: Halvor Farsund Storvik/Privat)

Fylkesmannen: Melås Helse ytte uforsvarlege tenester då Christer forsvann

Verksemda må gå gjennom alle tiltaka sine, og får frist til 1. oktober med å levera tiltaksplan.

Sogndal: «Vi har konkludert med at dei ikkje ytte forsvarlege helse- og omsorgstenester etter helselovgivinga», skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på sine nettsider.

Det var 9. mai i fjor at Christer (37) forsvann frå følgjet sitt under ein tur på Haukåsen i Sogndal. Han vart ikkje funnen att.

Les også: Politiet avsluttar etterforskinga av Christer-forsvinninga

Assisterande fylkeslege hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Linda Svori, fortel til Porten.no at dei berre har sett på einskilde områder, og at det er desse områda dei uttalar seg rundt.

– Og her har me vurdert at det har vore uforsvarlege tilhøve.  Det tyder at verksemda må gå gjennom alle tiltaka dei har ansvar for og gjera ei risikovurdering. Dei må sjå etter om det er på spesielle områder det kan svikta, og om det er områder der svikt kan få spesielt store konsekvensar.

– For lang avstand

Svori fortel vidare at Melås Helse AS må levera ein tiltaksplan innan 1. oktober som viser korleis verksemda vil gå fram for å utbetra desse tilhøva.

– Dei får såpass lang frist fordi dette er ein større jobb. Så vil dei få tilbakemelding om det er godt nok. I tillegg vil me gjera eit tilsyn ved eit tiltak neste år. 

Forholda Fylkesmannen har sett på omhandlar først og fremst verksemda si organisering og styring, og kritikken går såleis på systemsvikt. Svori strekar under at dette gjeld einskilde områder.

– Me såg på området turaktiviter og der var det ein innarbeidd praksis blant dei tilsette. Det har skjedd at dei har hatt lengre avstand enn kva dei må ha for å ha full kontroll.

Svori påpeikar at dette er tilhøve som ligg på verksemdsnivå, og at det er difor dei må koma med tiltaksplan på organisasjon- og leiarnivå. 

– Viss verksemda følgjer opp som me har sagt, og dei tek nødvendige grep, får ikkje dette vidare konsekvensar i høve helselovgivinga – som er vårt område. 

Melås: – Det rir meg dag og natt

Per Steinar Melås, dagleg leiar i Melås Helse AS, fortel at han ikkje har noko i mot å bli sett i korta av Fylkesmannen

– Me må berre ta Fylkesmannen sine konklusjonar til etterretning. Me gjorde ROS-analyse rett etter den tragiske hendinga på alle våre tiltak, og kjem til å gjera det igjen no. Dette er det verste som kan skje ei helseverksemd; det er som at du sit barnevakt hjå naboen, og så forsvinn eit born. Burde me ha gjort noko annleis? Det rir meg dag og natt. Det er for seint i høve denne hendinga, det er eit ugjendriveleg faktum. Men me må på alle måtar jobba for å unngå liknande hendingar.

– Det blir mellom anna peika på frå Fylkesmannen si side at det har vore for lang avstand mellom personellet og personen som forsvann. Hadde de ikkje rutinar på dette?

– Der har me hatt klare prosedyrar. Så har det skjedd ei gong før at personell har hatt for lang avstand. Eg skuldar ikkje på personale, det kan vera at internkontrollen hjå oss kanskje skulle ha vore annleis. Eg har absolutt ikkje noko i mot å bli sett i korta av Fylkesmannen, me skal bestreba oss etter å bli best mogleg.

Det vart også opna tilsyn mot Årdal kommune, heimekommunen til mannen.

«Heimkommunen har ansvar for å sikre innbyggjarane forsvarlege helse- og omsorgstenester og skal følgje opp om brukarar får forsvarlege tenester, sjølv om det er ein annan aktør som leverer tenestene. I desember 2016 konkluderte vi at kommunen ikkje hadde rutinar eller styring som sikra at dei hadde dokumentasjon på at mannen fekk forsvarlege helse- og omsorgstenester», skriv Fylkesmannen.

Les også: Får krass kritikk etter forsvinningssak

«Kommunen har gitt tilbakemelding til oss om korleis dei vil følgje opp Fylkesmannen sine pålegg», står det sist i meldinga.

 

Til toppen