KRAFTVERK: NVE har motteke søknader frå fleire søkjarar som ønskjer å byggje ut tre kraftverk i Lærdal. Foto: Konsesjonssøknad.
KRAFTVERK: NVE har motteke søknader frå fleire søkjarar som ønskjer å byggje ut tre kraftverk i Lærdal. Foto: Konsesjonssøknad.

Fylkesmannen rår frå to småkraftverk i Lærdal

Fylkesmannen meiner det vil få store negative konsekvensar for allmenne interesser.

Lærdal: Det er søkt om å løyve til å bygga ut tre småkraftverk i Lærdal. Dei tre er Tynjadalen kraftverk, Øvre Kvemma kraftverk og Fosseteigen kraftverk.

I april fekk fylkesmannen i Sogn og Fjordane sakene på bordet og er no klar med si tilråding. 

– Fylkesmannen tilrår å ta vare på naturmangfald, landskap og eit turområde framfor å byggje Tynjadalen kraftverk og Øvre Kvemma kraftverk i Lærdal kommune. 

– Me har vurdert at Fosseteigen kraftverk kan realiserast med akseptable konsekvensar for naturmiljø, landskap og friluftsliv, dersom plasseringa av kraftstasjonen vert endra, skriv fylkesmannen.

Årsaka til frårådinga er at det vil få så store negative konsekvensar for allmenne interesser. 

– Tynjadalen kraftverk vil påverke lokalitetar med viktige naturtypar og område med svært mange funn av raudlista artar. Øvre Kvemma kraftverk vil påverke viktige naturtypar og føre til inngrep i eit turområde, og overføringa av Volldøla vil sterkt redusere vassføringa i fleire fossefall som er viktige landskapselement. 

Oppgåva til fylkesmannen er å vurdere konsekvensane utbygging vil ha for allmenne interesser som naturmiljø, landskap og friluftsliv. Søknadane skal også avklarast etter lakse- og innlandsfisklova og ureiningslova, der ein legg vekt på prinsipp og føringar frå naturmangfaldlova og vassforskrifta. 

Dessutan har fylkesmannen eit sektoransvar innan beredskap og landbruk.

Prosjektet skal endeleg avklarast av Noregs vassdrags- og energidirektorat, eller av Olje- og energidepartementet dersom det kjem motsegn eller klage på vedtaket frå NVE.

Det er høvesvis Tynjadalen kraftverk AS, Fosseteigen kraftverk AS og Lærdal Aurland Grønnkraft AS som står bak søknadene.

Til toppen