FRAMSYNT: Fylkesmann Anne Karin Hamre frårår jølstringane om å ta omkamp om kommunesamanslåing med Gaular, Naustdal og Førde. Det har fått Anders Hamre Sveen til å sjå raudt. Jo fleire folkerøystingar, jo betre, meiner han.
meiningar
FRAMSYNT: Fylkesmann Anne Karin Hamre frårår jølstringane om å ta omkamp om kommunesamanslåing med Gaular, Naustdal og Førde. Det har fått Anders Hamre Sveen til å sjå raudt. Jo fleire folkerøystingar, jo betre, meiner han. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
meiningar

Fylkesmannen sin motstand mot folkerøystingar

Vi treng mykje meir folkerøystingar i det politiske systemet vårt, ikkje færre, skriv Anders Hamre Sveen, nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane i denne kronikken.

Meiningar: Ein kan no lese på NRK Sogn og Fjordane at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre, ber dei i Jølster som no arbeidar for ei ny folkerøysting om storkommunen i indre Sunnfjord om «å sjå framover». Men det er jo nett det dei gjer, for om vi skal ha ein god utvikling, så må vi ha kommunesamanslåingar avgjort gjennom lokale folkerøystingar òg i framtida. Vi treng mykje meir folkerøystingar i det politiske systemet vårt, ikkje færre. Målet må jo vere å gjere samfunnet mykje meir demokratisk.

Det er òg ein del av framtida at det snart skal vere eit stortingsval og at Stortinget kjem til å sjå annleis ut etter dette valet. Det er med andre ord ikkje noko som er endeleg avgjort i korkje kommunereforma eller regionreforma. Jølstringane er eit eksempel til etterfølging, og eg vonar at det vert mange omkampar rundt omkring i landet vårt mot nye kommunar som er vedteke utan bruk av folkerøystingar.

Til toppen