OPPRETTAR TILSYNSSAK: Både Årdal kommune og Melås Helse blir sett under lupen av Fylkesmannen etter at ein 37-åring gjekk seg vekk frå eit turfølgje for ti dagar sidan. Foto: Arkiv.
OPPRETTAR TILSYNSSAK: Både Årdal kommune og Melås Helse blir sett under lupen av Fylkesmannen etter at ein 37-åring gjekk seg vekk frå eit turfølgje for ti dagar sidan. Foto: Arkiv. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Fylkesmannen skal granske forsvinninga av sakna 37-åring

Fylkesmannen opprettar tilsynssak mot både Melås Helse og Årdal kommune etter forsvinninga, det melder dei på sine eigne heimesider

– Det gjer vi fordi vi meiner det har stor offentleg interesse å finne ut om helsetilbodet her har vore fagleg forsvarleg, seier fylkeslege Per Stensland til Porten.no.

NRK var først ute med å omtale tilsynssaka.

Les også: Familien ber om hjelp til å få den sakna Christer heim
Les også: Vurdering av lege: – 37-åring er truleg omkomen

Fylkesmannen tok sjølv initiativ

Det er ti dagar sidan den 37 år gamle mannen frå Årdal kommune vart meldt sakna etter ein tur ved Haukåsen i Sogndal. Turen skjedde i regi av Melås Helse, institusjonen som hadde ansvar for å gje han helse- og omsorgstenester

– Kva samanheng er det mellom forsvinninga og spørsmålet om vedkomande har fått forsvarlege helsetenester?

– Vi har fått vite at personen ikkje har kunna ta vare på seg sjølv. Då er spørsmålet om han har blitt passa godt nok på, om han har fått den omsorga han har krav på i denne stuasjonen. Det er samanhengen, seier fylkeslege Stensland.

Ofte blir slike tilsynssaker oppretta som følgje av klager eller uromeldingar. I dette tilfellet var det Fylkesmannen sjølv som tok initiativet til det.

– Vi har gitt forsvarlege helsetenester

Per Stein Melås, mannen bak Melås Helse, tykkjer det er heilt greitt å bli sett i korta av Fylkesmannen. Han vil ikkje gå i detaljar medan tilsynssaka pågår.

– No må Fylkesmannen og fylkeslegen få gjere sitt arbeid og kome med sine konklusjonar. Men frå vårt ståstad så har vi gitt forsvarlege helsetenester, seier Melås.

Det har vore tunge dagar for dei tilsette sidan mannen dei hadde ansvar for forsvann. Samstundes har det varma å sjå innsatsen til alle dei som har vore med å leite etter den sakna. Alle har stilt opp. 

– Dette er ei tragisk og vond sak for alle involverte.  Men det har vore ein heilt enorm innsats for å finne den bortkomne. Det gler meg å sjå kor mykje det betyr for folk å finne att folk som har gått seg bort. Så ein stor takk til alle dei som har lagt vekk alt det dei hadde i hendene og teke del i leitinga, seier Melås.

Fylkeslege Per Stensland seier dei har sett ei tidsramme på fem månader på å konkludere om det har skjedd noko som er i strid med helselovgjevinga.

– Det er ei omfattande sak der vi skal innhente mykje informasjon og gjere våre undersøkingar, seier han.

Til toppen