STØR KOMMUNEN: Fylkesmannen finn ikkje grunn til å endre kommunen sitt avslag på frådelingssaka der Arne Sanden og Iren Lysne ønskjer å dele frå to dekar til dottera. Foto: Ole Ramshus Sælthun (Arkiv)
STØR KOMMUNEN: Fylkesmannen finn ikkje grunn til å endre kommunen sitt avslag på frådelingssaka der Arne Sanden og Iren Lysne ønskjer å dele frå to dekar til dottera. Foto: Ole Ramshus Sælthun (Arkiv)

Fylkesmannen stør kommunen i delingssaka i Lærdal

– Me har behandla ei klagesak som gjeld frådeling av ei bustadtomt på Ljøsne i Lærdal og finn ikkje grunn til å endre kommunen sitt avslag.

Lærdal: Det skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på sine nettsider tysdag. Som Porten.no tidlegare har omtalt ønskjer Arne Sanden og kona Iren Lysne å frådele ein om lag to dekar stor parsell til dottera og familien hennar, som ønskjer å byggja eit bustadhus på tomta.

I januar vart søknaden avslått, mellom anna fordi kommunen meiner arealet har dyrkingspotensiale og at det vil vere dårleg areal- og ressursdisponering å nytte det til tomtegrunn.

Fylkesmannen stør kommunen: – Ikkje uventa

Ekteparet Lysne Sanden meiner på si side at arealet det er snakk om ikkje er dyrkbart, noko også statens kartsystem syner. Kommunen endra ikkje standpunkt, og dermed vart klagesaka sendt over til Fylkesmannen, som ikkje finn grunn til endre kommunen sitt avslag.

– Tomta ligg i eit område kommunen har definert som kjerneområde for landbruk. Kommunen si handsaming er etter vår vurdering ikkje i strid med reglane i jordlova, og resultatet tilgodeser lova sine føremål, skriv Fylkesmannen.

– Vedtaket med grunngjevinga ligg innanfor kommunen sitt handlingsrom i slike saker. Konklusjonen verkar heller ikkje urimeleg, og det er ikkje noko som tyder på at det er gjort formelle feil i saksbehandlinga.

Arne Sanden seier til Porten.no at svaret ikkje akkurat var uventa. No kjem han til å ta saka vidare til Sivilombodsmannen, som har moglegheit til å be Fylkesmannen om å vurdera saka på nytt. 

– To juridiske miljø med to ulike vurderingar

I saka er det hovudsakleg to paragrafar i jordlova som ligg til grunn for handsaminga. Den eine er paragraf 9 som gjeld bruk av dyrka og dyrkbar jord. Den andre er paragraf 12 som gjeld deling.

– I utgreiinga vår har me berre drøfta paragraf 12. Me meiner det var grunnlag for å konkludere som kommunen gjorde utan å trekkje inn omdisponeringsomsyn som er omfatta i paragraf 9, seier Terje Øvrebø hjå Fylkesmannen til Porten.no.

I handsaminga av saka har Lærdal kommune nytta KS (Kommunesektorens organisasjon) til å sjå på saka. Her har ein lagt mest vekt på paragraf 9, som gjeld bruk av dyrka og dyrkbar jord, men ekteparet har heile vegen uttrykt at dette ikkje er dyrka jord.

– Her er det to ulike juridiske miljø som har vurdert saka ut frå to ulike paragrafar. Kva skal ein tru på? spør Sanden, som meiner det er paragraf 12 ein burde legge vekt på, slik Fylkesmannen har gjort. Likevel er han kritisk til vurderinga.

– Her er det lagt svært stor vekt på det som handlar om arealkonflikt mellom bustad og landbruk i framtida, ikkje korleis det er i dag. Når det er lagt så stor vekt på det, har eg vanskar med å sjå korleis Fylkesmannen i det heile skal ha sjanse til å gi løyve til ei frådeling i eit landbruksområde i framtida. 

Kjenner seg urettferdig behandla

Fylkesmannen peikar mellom anna på at etablering av fritt omsetjelege bustad- eller fritidseigedomar inne i landbruksområda rett som det er fører til arealbrukskonfliktar fordi «samanblanding av grasproduksjon, beitebruk, grønsakdyrking og bustad/fritidsinteresser fell ikkje alltid heldig ut». 

– Det me då lurer på er om det verkeleg er slik at folk vil busetja seg midt i eit slikt område der dei kjenner desse forholda. Er det verkeleg slik at folk som ikkje toler lukta av møkk og traktorstøy, vil busetja seg i eit slikt område? svarar Sanden, som meiner administrasjonen i kommunen har gitt løyve i liknande saker både i Erdal og på Eri. 

– I ein kommunedelplan som eg sjølv var med på å vedta som ordførar går det fram at området på Eri er eit såkalla kjerneområde for landbruk, og at området i Erdal vert omtalt som kjerneområde for kulturminne. Sakene vart avgjort med same plangrunnlaget, men med motsett vedtak.

– Føler du deg urettferdig behandla?

– Ja, det er noko kona mi Iren har dratt fram og sagt klart og tydeleg, og dette kjem til å bli ein vesentleg del av klagen til Sivilombodsmannen. 

Administrasjonen kan gi løyve i saker inntil to dekar

Kommunedelplanen Sanden viser til har eit punkt som omtalar deling av fulldyrka jord. Det seier mellom anna at administrasjonen kan gi løyve til deling av jordbruksareal inntil to dekar, som er storleiken på området ekteparet ønskjer å frådele.

Lasse Sælthun, som var rådmannen på den tida, seier han ikkje ønskjer å kommentere saka i media. Magnhild Aspevik, som er landbrukssjef i kommunane Aurland, Lærdal og Årdal og var med på å skrive planen, seier delegasjonsreglementet som kommunedelplanen viser, til stadig er i endring.

– Uansett gjeld jordlova. Og sjølv om det står at administrasjonen «kan» gjera det, betyr ikkje det at alle kan få løyve, seier ho og viser elles til vedtaket kommunen gjorde.

– Sanden viser til liknande saker der vedtaket er motsett. Kvifor vert det ikkje gitt løyve her?

– Det var vurderinga som vart gjort den gongen, så eg må nesten berre visa til vedtaket igjen, men når det gjeld saka på Eri, vart den politisk handsama. Der var tilrådinga frå administrasjonen ikkje å dela frå. 

Til toppen