LOVLEGKONTROLL: Fylkesmannen konkluderer at Lærdal kommune ikkje hadde lov til å lukke eit budsjettmøte i førre veke. Foto: arkiv.
LOVLEGKONTROLL: Fylkesmannen konkluderer at Lærdal kommune ikkje hadde lov til å lukke eit budsjettmøte i førre veke. Foto: arkiv.

Fylkesmannen: – Ulovleg å lukke budsjettmøtet 

Politikarane i Lærdal hadde ikkje lov til å lukka møtet der dei diskuterte den vanskelege økonomiske situasjonen i kommunen.

Lærdal: Det var torsdag i førre veke at politikarar og administrasjonen i kommunen var samla for å diskutere korleis dei skal greie å spare over ti millionar i 2017-budsjettet.

Møtet skjedde bak lukka dører, noko rådmannen rettferdiggjorde ved å vise til kommunelova. Der er det mellom anna ein paragraf som opnar for å lukke møter når dei gjeld tenestetilhøva til enkelte arbeidstakarar.

No har Fylkesmannen konkludert med at det er ei for vid tolking av lova.

– Dei har ikkje nokon heimel for å lukke møtet, seier assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid.

Les også: Lukkar møte om budsjettet i Lærdal: – Ikkje greitt

Må følgje reglane i framtida

At kommunen er liten og at det dermed er lett å identifisere enkeltpersonar utifrå kva tenesteeiningar som blir vurdert kutta, er heller ikkje noko vektig argument.

– I den grad dei skal diskutere tenestetilhøvet til enkeltersonar, så kan dei i prinsippet lukke dei delane av møtet. Men dei kan ikkje lukke heile møtet, seier Hæreid.

– Kor alvorleg er det at dei likevel gjorde det? 

– Prinsippet om at møte i kommunale utval skal vere opne står sterkt. Utover det vil eg ikkje karakterisere det.

Hæreid seier lovbrotet ikkje får andre konsekvensar enn at kommunen må innretta seg etter reglane i framtida.

Uroa over vernet til dei tilsette

Rådmann Alf Olsen Jr. seier kommunen rådførte seg med juridisk kompetanse før dei avgjorde å lukke møtet.

UTFORDRANDE: Rådmann Alf Olsen Jr. seier det er krevjande å verne dei tilsette med lovtolkinga Fylkesmannen legg til grunn.
UTFORDRANDE: Rådmann Alf Olsen Jr. seier det er krevjande å verne dei tilsette med lovtolkinga Fylkesmannen legg til grunn.

– Slik sett er det overraskande at Fylkesmannen kom til ein annan konklusjon. Men det må me berre forholda oss til, seier han.

Rådmannen seier det vert krevjande å føre ein ansvarleg personalpolitikk med den lovtolkinga dei no er forventa å følgje.

– Arbeidstakarane har eit svakt vern i ein slik situasjon. Det er det som har våre mi uro oppe i det her. Men dèt og må me berre ta inn over oss, seier han.

Til toppen