INGEN TVANG: Årdal kommune er saman med Lærdal, blant dei som føler seg «ufrivillig åleine». Dei fekk heller ingen drahjelp av Fylkesmannen. Foto: Norsk Hydro.
INGEN TVANG: Årdal kommune er saman med Lærdal, blant dei som føler seg «ufrivillig åleine». Dei fekk heller ingen drahjelp av Fylkesmannen. Foto: Norsk Hydro. (Foto: Hydro Aluminium Årdal)

Fylkesmannen vil at kraftkommunane tek nabopraten

Men ordførarane i Aurland, Lærdal og Årdal har ikkje trua på omkamp med det første.

Leikanger: Fylkesmann Anne Karin Hamre presenterte i går hennar forslag til eit nytt kommunekart i Sogn og Fjordane.

Medan Balestrand, Leikanger og Sogndal er blant dei fire nye storkommunane ho føreslår, slapp den andre sognetrioen Lærdal, Aurland og Årdal å bli tvinga saman i denne omgang.

– Det er eg kjempeglad for. Tvang i slike spørsmål løyser ingen ting, seier ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal.  

– IKKJE AKTUELT: Ordførar i Aurland meiner kommunen har gitt eit klart svar og ser ikkje grunnlag for nye reformsamtalar med naboane med det første.
– IKKJE AKTUELT: Ordførar i Aurland meiner kommunen har gitt eit klart svar og ser ikkje grunnlag for nye reformsamtalar med naboane med det første.

– Det var vel som forventa. Eg hadde på ingen måte rekna med at det kom noko forslag verdrørande Aurland denne gongen. Men det var godt å få denne avklaringa, seier ordførar i Aurland, Noralv Distad.

Heller ikkje årdalordførar Arild Ingar Lægreid er spesielt sjokkert.

– Vi har jo gjort eit forsøk på å få til noko med dei to andre, men det var ikkje aktuelt, seier han.

Les også: Han er skuffa. Han er nøgd. Han er letta
Les også: Her er forslaget til ny storkommune i Sogn​

Fylkesmannen håpar på ny naboprat

Leikangerordførar Jon Håkon Odd var ein skuffa mann i går. Han følte seg umyndiggjort då fylkesmannen gjekk imot både folkeviljen og politikarane.

Når derimot Aurland, Lærdal og Årdal slapp unna seier Hamre det var spesielt to omsyn som vart avgjerande.

– For det første har Stortinget sagt at kommunereforma i utgangspunktet skal vere frivillig. For det andre så har desse tre kommunane mykje ressursar, det er rike kraftkommunar. Dei har ikkje dei same utfordringane med økonomi og tenestar som mange andre har. Dei har heller ikkje hatt nokon klart å få til nokon prosess seg i mellom, seier ho.

Likevel meiner fylkesmannen dei tre bør nytte tida framover til å starte nye samtalar. For ho er ikkje i tvil om at ei samanslåing vil vere det beste.

– Det vil gje betre kapasitet på tenester, gjere det enklare å rekruttere når dei før større fagmiljø og det vil gje større kraft på planlegging og utviklingsarbeid, som er viktig for å få til ei god utvikling i desse kommuane, seier ho.

TEIKNA NYTT KART: Fylkesmann Anne Karin Hamre trur Aurland, Årdal og Lærdal ville blitt ein slagkraftig kommune i lag, men vil ikkje at det skal brukast tvang for at det skal skje.
TEIKNA NYTT KART: Fylkesmann Anne Karin Hamre trur Aurland, Årdal og Lærdal ville blitt ein slagkraftig kommune i lag, men vil ikkje at det skal brukast tvang for at det skal skje.

– Ikkje aktuelt

Men ingen av dei respektive ordførarane har trua på at det skjer.

– Viss nokon av kommunane kjem for å snakke med oss, så er vi klare for å ta ein prat. Men eg trur ikkje det skjer noko no, seier Arild Ingar Lægreid.

HELD DØRA OPEN: Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, held døra open for kommunar som vil diskutere reform, men trur det er lite realistisk at det skjer.
HELD DØRA OPEN: Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, held døra open for kommunar som vil diskutere reform, men trur det er lite realistisk at det skjer.

Aurland var den kommunen som var mest skeptisk til å ta nabopraten. Det har standpunktet har ikkje endra seg.

– Så er det samstundes ikkje slik at vi lever i kvar våre verdenar. Viss vi ser at det er grunnlag for samtalar, så tek vi dei. Men eg ser ikkje at det vil skje i nær framtid. Vi fekk eit klart svar i folkerøystinga og eit klart svar i kommunestyret, så akkurat no er det ikkje aktuelt å ta opp att nye diskusjonar, seier ordførar Noralv Distad.

Ordføraren i Lærdal er ikkje einig i at eit dei tre ville blitt ein slagkraftig kommune.

– Viss dei andre vil ta ein prat, så er det greit for meg. Men eg kan gjenta det eg har sagt heile tida. Å slå oss tre saman vil ikkje utgjere nokon forskjell. Vi vil framleis bli under 10 000 inbyggjarar og ikkje få tilført nye oppgåver slik reforma er lagt opp. Så der er eg ikkje einig med fylkesamannen, seier Solheim.

Til toppen