GAMAL: Den gamle skogen ovanfor Tingastad i Sogndal er rekna som verneverdig. Fylkesmannen vil gjera området til naturreservat.
GAMAL: Den gamle skogen ovanfor Tingastad i Sogndal er rekna som verneverdig. Fylkesmannen vil gjera området til naturreservat. (Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane)

Fylkesmannen vil gjera Tingastad i Sogndal om til naturreservat

I området finn ein skog av uvanleg høg alder.

Sogndal: Fylkesmannen Sogn og Fjordane har sendt ei tilråding om å gjere området Tingastad i Sogndal kommune, som har namn etter den nedlagde garden nede ved fjorden, om til naturreservat. 

VERNEVERDIG: Fylkesmannen vil verna Tingastad i Sogndal kommune. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Dette kjem etter oppdrag om frivillig skogvern for 2018 frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Tingastad er eigd av Miljødirektoratet som kjøpte eigedomen i 2014 av Statskog, med eit seinare mål om nettopp skogvern.

Leikanger, Fjærland, Feios og Vik bygdeallmenningar, som eig ein andel i sameiga for blant anna Tingastad, Galdarabb og Sleipi, ønskte ikkje at naturreservatet skal gjelda for deira skogteigar. 

Gamal skog

– Verneverdiane i området er godt kartlagde og er godt kjende, og har fått samleverdi «svært viktig», truleg i overgangen mellom verdiane A, nasjonalt viktig, og B, regionalt viktig, heiter det i brevet frå Fylkesmannen. 

I 2005 vart det utført ein rapport om naturverdiane i området av Magnus Andersson.

Han skriv at skogen er av uvanleg høg alder, og at området er urørt og har ein naturleg skogsstruktur som er av høg regional verneverdi. 

Vedtak om oppretting av naturreservatet er venta før årsskiftet, ifølgje Fylkesmannen sin nettstad. 

Til toppen