VURDERTE HABILITET: Line Døsen leia tilsynet som konkluderte med at dei omfattande avvika i Sog barnevern braut med kravet om forsvarlege tenester. Foto: arkiv.

Fylkesmannen vurderer ho habil i tilsynet av barnevernet

Rådmannen og barnevernsleiaren i Sogndal stilte spørsmål ved habiliteten til Line Døsen, rådgjevaren hos Fylkesmannen som leia tilsynet av Sogn barnevern. I dag kom svaret.

Sogndal: Før helga kom Sogndal kommune, ved rådmann Jostein Aanestad og barnevernsleiar Hadle Blikra, med sitt tilsvar til den førebelse rapporten til Fylkesmannen etter tilsynet med Sogn barnevern.

I tilsvaret imøtegår dei ei rekkje av avvika til Fylkesmannen, samstundes som dei ber om ei vurdering av om leiaren for tilsynet er å rekne som habil.

Fram til sommaren 2010 var ho nemleg tilsett i Sogn barnevern.

– I minst tre av dei sakene som det no er gjennomførd dokumenttilsyn av var Line Pedersen Døsen sakshandsamar eller har skreve under som ansvarleg (barnevernskoordinator) i den tida ho var tilsett i Sogn barnevern. Vi ber fylkesmannen på dette grunnlaget vurderer habiliteten til revisjonsleiaren for dette tilsynet, og om det kan ha skjedd ein sakshandsamingsfeil, skreiv kommuneadministrasjonen i tilsvaret.

Les også: Frp ber om at rådmannen trår til sides for å få ro i barnevernet
Les også: Ordføraren fredar rådmannen

– Ho er difor ikkje ugild

Fylkesmannen svarer i dag i ei pressemelding på sine eigne nettsider at dei vurderte gildskapen i forkant av tilsynet. Dei påpeiker at revisjonsleiaren slutta i barnevernet fem år før starten på perioden tilsynet tek for seg.

– Ho har altså ikkje vore involvert i den sakshandsaminga vi har sett på ved tilsynet, og ho er difor ikkje ugild som revisjonsleiar, er konklusjonen til Fylkesmannen.

Les også: Fylkesmannen la fram funn i nytt tilsyn av Sogn barnevern

– At ho tidlegare, medan ho arbeidde i barnevernet fram til 2010, har handsama saker som gjeld dei same barna eller familiane deira, gjer henne ikkje ugild. Likevel har ho ved dette tilsynet halde seg unna gjennomgang og vurdering av dei få sakene som gjeld barn og familiar ho tidlegare har vore sakshandsamar for, står det vidare i pressemeldinga.

Til toppen