Sogn: Fylkesmennene har sidan førre veke éin etter éin lagt fram nyteikna kommunekart. Måndag kom anbefalingane frå dei to siste fylka, Hedmark og Møre og Romsdal.
Nokre av dei 19 fylkesmennene har vore tilbakehaldne i anbefalingane sine, medan andre har teikna opp samanslåingar stikk i strid med lokale ønskjer.
– Dei store geografiske variasjonane har ført til eit nokså ulikt utfall frå fylke til fylke. Enkelte har gått ganske langt i å teikne kart med store endringar utan at det finst eit lokalt grunnlag for det, seier forskar Yngve Flo ved Uni Research Rokkansenteret til NTB.
– Blir betrakteleg færre
Regjeringa skal til våren leggje fram proposisjonen sin om kommunestruktur. Deretter skal han behandlast i Stortinget.
- Les også: Støre vil stoppe Sanners reform
– Talet på kommunar blir betrakteleg redusert dersom det blir tvang. Det blir spennande å sjå om regjeringa går vidare med råda når dei skal leggje fram forslaget sitt for Stortinget, og i neste omgang kva Stortinget gjer, seier Flo.
Det er ein politisk risiko for regjeringa å ta med anbefalingane om tvang vidare i prosessen, påpeiker han.
– Motkreftene lokalt er veldig sterke, og det å foreslå samanslåing der innbyggjarane har sagt nei, er risikabelt og relativt lett å mobilisere imot, seier Flo.
Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) ønskte måndag ikkje å kommentere råda frå fylkesmennene til framtidig kommunestruktur.
- Les også: Han er skuffa, han er nøgd, han er letta
Råda frå fylkesmennene vil vere ein viktig del av grunnlaget når regjeringa til våren kjem med anbefalinga si til ny kommunestruktur, uttalte han onsdag førre veke. (©NPK)