PROVOSERT: – Veldig freidig, seier fylkesordførar Jenny Følling om Frps Helge André Njåstad sitt utspel om at ein ny vestlandsregion har lite for seg utan Rogaland. Arkivfoto
PROVOSERT: – Veldig freidig, seier fylkesordførar Jenny Følling om Frps Helge André Njåstad sitt utspel om at ein ny vestlandsregion har lite for seg utan Rogaland. Arkivfoto

Fylkesordførar Følling provosert av Njåstad (Frp)

Frps Helge André Njåstad meiner ein ny vestlandsregion har lite for seg dersom berre Hordaland og Sogn og Fjordane går saman. 

  • Endret

Det provoserer fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane.

Njåstad, som leier Stortingets kommunalkomité, meiner det nye storfylket ikkje vil få tilstrekkeleg slagkraft utan at Rogaland også blir med på laget, melder NRK. Han synest det har lite for seg å berre slå saman Hordaland med Sogn og Fjordane, slik forhandlingsutvala for dei to fylka vart einige om tysdag.

– Det er ikkje all verda med vits. Hordaland får 100.000 innbyggjarar til, meir avstand og ein desentralisert struktur. Den store gevinsten ser ein ikkje, seier Njåstad.

– Hordaland og Rogaland bør snakke saman og prøve å lage ein avtale. Vestlandet vil berre kunne konkurrere med Austlandet dersom Stavanger og Bergen er i same region, seier han og meiner den nye regionen blir for liten.

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane har lite til overs for Njåstads utsegn.

– Utspelet er veldig freidig. Det var Framstegspartiet som velta avtalen i Rogaland. At Njåstad seier dette no, er respektlaust overfor oss. Vi har tatt nabopraten og sett oss i førarsetet. No har vi to intensjonsavtalar, og det er opp til Stortinget å levere.

(©NPK)

Til toppen