Leikanger: Kommunal- og moderniseringsdepartementet stadfesta fredag at hovudsetet for regionen Vestlandet skal vere på Leikanger. Dette oppfyller eit viktig punkt i den framforhandla intensjonsavtalen mellom Sogn og Fjordane og Hordaland.
Samstundes er Lars Sponheim, fylkesmann i Hordaland, utnemnd i statsråd til fylkesmann i Hordaland og Sogn og Fjordane. Leikanger blir kontorstad for fylkesmannen si leiing.
– At hovudsetet for fylkesmannsembetet skal vere i dagens Sogn og Fjordane er eit svært viktig element i oppfølginga av intensjonsavtalen mellom fylka. Dette har vore eit absolutt vilkår frå forhandlingsutvala og begge fylkestinga si side. Eg er glad for at me har blitt lytta til. Dette er ein siger og noko me har jobba lenge for, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling.
Rotevatn: – Dette har Venstre jobba lenge for
Ho får støtte frå stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn frå Venstre. Han var tilstades på pressekonferansen fredag.
– Dette har Venstre jobba lenge for å få til, og i dag er eg svært glad for at argumenta har nådd fram, seier Rotevatn.
– Leikanger har lange tradisjonar som sete for statsadministrasjon, og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har eit bra renommé, og driv effektivt og godt, legg han til.
Samanslåing i 2019
Det er no lagt til grunn frå departementet at det skal vere om lag like mange tilsette i fylkesmannsembetet i Sogn og Fjordane som i dag, og ikkje bli færre arbeidsplassar.
Det er kontorstad for den øvste leiinga i embetet det no er tatt stilling til. Dei to embeta skal no sjølve fordele dei ulike funksjonane i det nye embetet tilpassa lokale behov og føresetnader.
Samanslåinga av fylkesmannsembeta skjer 1. januar 2019.