LITE Å GLE SEG OVER: Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, finn lite å glede seg over i Nasjonal transportplan.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes.
LITE Å GLE SEG OVER: Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, finn lite å glede seg over i Nasjonal transportplan.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Fylkesordføraren er misnøgd med NTP

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, finn lite å glede seg over i Nasjonal transportplan.

Sogn og Fjordane: – Dette var verre enn eg frykta og mindre satsing enn eg hadde trudd. Det er ingen nysatsingar i Sogn og Fjordane, seier fylkesordførar Jenny Følling om Nasjonal transportplan i ei pressemelding.

Når det gjeld investeringar i Sogn og Fjordane, så saknar fylkesordføraren satsing på E39 gjennom fylket, avklaring på Strynefjellet og tunnel gjennom Vikafjellet.

– Prosjekt langs E39 som er ferdig planlagde, er utsette til etter 2020. Det er heilt uforståeleg. Og at Strynefjellet og Vikafjellet er ute, er svært dårlege signal for fylket vårt. Vikafjellet har blitt endå viktigare no, når vi er på veg inn i ein ny region med Hordaland. Og Strynefjellet har store utfordringar både med skredsikring og tunnelar som etter tunnelforskrifta treng oppgradering i 2019, seier Følling.

Av prosjekt i Sogn og Fjordane som får løyvingar i NTP finn vi E16 Filefjellet og E39 Bjørset–Skei, i tillegg til skredsikring langs Riksveg. 5 Kjøsnesfjorden.

(©NPK)

Til toppen