SKEPTISK: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes er skeptisk til forslaget til statsbudsjett som finansminister Siv Jensen la fram onsdag. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
SKEPTISK: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes er skeptisk til forslaget til statsbudsjett som finansminister Siv Jensen la fram onsdag. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Fylkesordføraren er skuffa over statsbudsjettet

Åshild Kjelsnes meiner statsbudsjettet er skuffande for alle som ønskjer betre klima og sterkare satsing på kultur.

Årdal/Lærdal: Ho er ikkje imponert over forslaget til statsbudsjett for 2016 som finansminster Siv Jensen la fram onsdag.

– For Sogn og Fjordane er det særleg skuffande at den framtidige fylkeskommunale økonomien ikkje vert styrka ved at tapskompensasjonen vert føreslegen trappa opp. Det er ikkje overraskande, og det betyr at «kampen» om auka tapskompensasjon må halde fram, seier fylkesordføraren.

Les også: – Eit sentraliserande statsbudsjett

Kriteriegrunnlaget for ferjekompenasjon er retta opp i forslaget til statsbudsjett, men det vil berre lette situasjonen det første året.

– Det vil i 2016 slå positivt ut for Sogn og Fjordane, då det vil redusere utfordringa med manglande opptrapping av tapskompensasjonen. Frå 2017 vil utfordringane knytt til manglande opptrapping av tapskompensasjonen likevel kome med full  tyngde – 22,5 millionar kroner ned, akkumulerande fram til 2019, seier ho.

Kjelsnes er også skuffa over at dei samla løyvingane til rassikring i landet vert reduserte med 500 millionar kroner. Dette er andre året på rad denne potten vert redusert trass i at ein opplever eit auka behov for slike tiltak.

Les også: Dårleg folketalsvekst gjev dystre tal for fylket

I tillegg etterlyser fylkesordføraren ei sterkare satsing på samferdsletiltak i fylket vårt. Dette gjeld for Vikafjellstunnelen, breiband og framdrifta med Stad skipstunnel. Også på næringsdelen er det manglar.

– INU-midlane, som skal kompensere for høg arbeidsgivaravgift i Førde, Florø og Sogndal, er føreslegne trappa ned i 2016 og  ordninga avvikla frå 2019. I år har fylkeskommunen 41 mill. kr i slik kompensasjon. Med grunnlag i 2016-løyvinga rekna vi med å få i overkant av 22 mill. neste år. Kutt vil verke særs negativt for Sogn og Fjordane, som nyttar desse midlane gjennom Innovasjon Norge og til infrastrukturtiltak i fylket, seier fylkesordføraren, som no håpar forhandlingar i Stortinget kan gje ein betre profil for Sogn og Fjordane. 

Til toppen