SER FRAMOVER: Her kan du lesa fylkesordførar Jenny Følling (Sp) sin tale under det første ordinære fylkestinget for denne fireårsperioden. Foto: Senterpartiet/Flickr
SER FRAMOVER: Her kan du lesa fylkesordførar Jenny Følling (Sp) sin tale under det første ordinære fylkestinget for denne fireårsperioden. Foto: Senterpartiet/Flickr

Fylkesordføraren: – Må samla oss om vekst og utvikling

Salet av aksjane i F1 Holding til Torghatten ASA var første punkt i fylkesordførar Jenny Følling (Sp) si tale til det første ordinære fylkestinget for denne perioden. 

Sogn og Fjordane: – Me må stå saman om viktige saker som vil bli avgjerande for framtida og busettinga i Sogn og Fjordane, sa fylkesordførar Jenny Følling i sin tale til fylkestinget 8. desember. 

Samstundes vedkjende Følling at Fjord1-saka har gjort den første perioden for fylkestinget krevjande. 

– Men no er vedtaket gjort. Me har større handlefridom til å gjennomføre ein ansvarleg politikk til det beste for innbyggarane i fylket.

Følling retta blikket mot framtida, og løfta fram regionalt samarbeid, nye og større oppgåver for fylket, ein ansvarleg klimapolitikk og at fylket må ta sin del av ansvaret då så mange menneske i verda er på flukt.

 

Til toppen