MØTE: Tom Tvedt, Jenny Følling og Nils R. Sandal var i møte i Førde fredag. Foto: Kristin Rundsveen/Sogn og Fjordane fylkeskommune
MØTE: Tom Tvedt, Jenny Følling og Nils R. Sandal var i møte i Førde fredag. Foto: Kristin Rundsveen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkesordføraren møtte idrettspresidenten 

- Tidlig innsats er utruleg viktig, og vi må nå alle sosiale grupper sa fylkesordførar Jenny Følling i møte med mellom andre idrettspresident Tom Tvedt. 

Sogn og Fjordane representert ved fylkeskommunen og Sogn og Fjordane idrettskrins møtte representantar for Norges idrettsforbund i Førde fredag.

Nils R. Sandal, styreleiar i Sogn og Fjordane idrettskrins, opna møtet med å skildre Sogn og Fjordane som eit idrettsfylke, der idretten har ein viktig plass blant innbyggjarane.

Sandal fortalte vidare at ein treng godt samarbeid mellom Noregs Idrettsforbund og offentleg forvaltning, og han understreka at ein i dag har eit godt og konstruktivt samarbeid med fylkeskommunen.

Idretten er ein heilt spesiell reiskap som kan brukas for å nå dei måla og ambisjonane som politikare og leiarar set for innbyggjarane sine.

NIF og Olympiatoppen si satsing

Idrettspresidenten, Tom Tvedt, synest det var viktig å fortelje om NIF og Olympiatoppen si satsing, også gjennom dei regionale toppidrettssentera.

- Alt for mange talent forsvinn på vegen, det regionale og lokale arbeidet må styrkast. Vi ynskjer kompetanseheving gjennom idrettskrinsane - ein toppidrettstanke og kunnskap lokalt for dei som vil gå vidare.

Tvedt la til at Idrettsforbundet set inn eit krafttak for å hindre betting-reklame, og at NIF i denne saka treng politisk drahjelp.

Idrettspresidenten drog blant anna fram korleis Idrettsforbundet er opptekne av å beskytte borna på fleire områder.

Fylkeskommunen sin regionale plan

Fylkesordførar Jenny Følling presenterte fylkeskommunen sin regionale plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2016 - 2019. Eit av hovudmåla i den er å fremje trivsel, deltaking og meistring.

- Vi er opptekne av kompetanseheving, både i fylkeskommunen og i kommunane. Vi i Sogn og Fjordane skriv no gode søknadar til Spelemiddelordningasom bidreg til fleire idretts- og frittidsanlegg.

Følling understreka også kor viktig idretten og eldjelene er for inkludering i fylket.

Ho presenterte også arbeidet med regionreforma i fylket, der avgjerda i Stortinget også vil få konsekvensar for idrettsforbundet.

Fysisk aktivitet gjev betre helse

Idrettspresidenten og fylkesordføraren var begge einige om at fysisk aktivitet gjev velvære og betre helse.

Tvedt trakk blant anna fram at idrett er viktig for inkludering, og at dugnad i seg sjølv er verdifull.

- Ein time med fysisk aktivitet kan være eit viktig tiltak; ungar som er fysisk aktive får både betre helse og betre skuleresultat, avslutta Følling.

Til toppen