TRUA: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) la i sin tale til fylkestinget vekt på folkeveksten i fylket i det som har vore eit utfordrande år. Ho har trua på framtida. Foto: Thor-Aage Lillestøl/Sogn og Fjordane fylkeskommune.​
TRUA: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) la i sin tale til fylkestinget vekt på folkeveksten i fylket i det som har vore eit utfordrande år. Ho har trua på framtida. Foto: Thor-Aage Lillestøl/Sogn og Fjordane fylkeskommune.​

Fylkesordføraren trur på framtida til fylket

I sin tale til fylkestinget la Jenny Følling (Sp) vekt på folketalsvekst i Sogn og Fjordane i eit elles utfordrande år.

Leikanger: Fylkesordføraren har tru på framtida til fylket – anten som ein sterk part av ein eventuell vestlandsregion, eller innanfor dagens grenser. Folketalsveksten styrkar også fylket, den er no den største blant vestlandsfylka, sa fylkesordføraren 6. desember til tingsetet.

Fylkestinget i desember 2016 markerer slutten på eit spennande år som har gitt utfordringar til både fylkespolitikarar og heile den fylkeskommunale organisasjonen. Regionreforma og økonomiske utfordringar er noko som kjem til å følgje fylket neste år òg.

Folketalsvekst 

Det er mange som har trua på fylket vårt. Sogn og Fjordane er i 2016 blant dei topp fem av fylka som har størst folketalsvekst i landet. Det var blant veslandsfylka at folkeveksten var størst.

Folketeljinga viser at me har fått 832 nye innbyggjarar i fylket dei siste ni månadane.

– Ikkje nok med det. I 2016 viser tala så langt vekst i 21 av 26 kommunar. Dette er kjekt, og det viser at me gjer mykje bra, sa Følling. 

Styrka felleskapet og eit tryggare samfunn

Fylkesordføraren nemnde og avsløringane av eit overgrepsnettverk i «Dark Room», der det vart avslørt fleire overgrep mot born. Følling reagerte med sinne og vantru.

– Me må rive denne mørkaste aktiviteten opp med rota. Me skal ikkje tie dette i hel, men varsle, snakke og skrive det i hjel til desse personane ikkje finn nokon stad å gøyme seg, sa Følling. 

Fylkesordføraren oppmodar alle til å nytte desembertida til å lytte og ta vare på kvarandre, òg dei du ikkje kjenner så godt.

– Eit styrka fellesskap og samfunn krev meir nestekjærleik, meir respekt for det ukrenkelege enkeltindividet, meir felleskap og samfunn der born alltid får vere born.

Du kan lese talen i sin heilskap her.

Til toppen