I SAKSEN: Kunnskapsminister måtte tole mykje kritikk for den nyleg innførte fråværsregelen under Debatten på NRK torsdag. Foto: Flickr/Justis- og beredskapsdepartementet. 
I SAKSEN: Kunnskapsminister måtte tole mykje kritikk for den nyleg innførte fråværsregelen under Debatten på NRK torsdag. Foto: Flickr/Justis- og beredskapsdepartementet.  (Foto: Arkiv)

Fylkespolitikarane får refs av ministeren

Torbjørn Røe Isaksen (H) meiner det er urettferdig at Sogn og Fjordane bryt reglane og lagar eigne. 

Indre Sogn: Det var i førre veka at hvoudutvalet for opplæring bestemte at obligatoriske køyretimar som langkøyring, glattkøyring og oppkøyring skulle gjelde som gyldig fråvær.

Torsdag måtte kunnskapsministeren stå skulerett for 10 prosentregelen under Debatten på NRK. Der refsa han dei folkevalde i fylket for vedtaket.

– Det som blir feil er at dei øydelegg systemet for alle dei andre også, når dei bestemmer sjølve og bryt lova. Dessutan har fråvær for å ta køyreopplæring aldri vore rekna som gyldig fråvær, sa han.

Leiaren for hovudutvalet i Sogn og Fjordane, Karianne Torvanger (Ap), forsvarte vedtaket. Ho la vekt på at fylket vårt har fleire elevar som tar yrkesfag.

– Me synest det er viktig å lytte til ungdom, og me er eit distriktsfylke med lange avstandar. For mange er det avgjerande å ta sertifikatet for å kome seg til lærlingplassen. Det er ikkje like reglar når landet er ulikt bygd opp, sa ho.

Fråværsregelen, som seier at elevar med meir enn 10 prosent fråvær i eit fag mistar karakteren sin, har hatt ringverknader ut i samfunnet. 

Mellom anna vert legekontora nedrent av ungdomar som vil ha legeattest på at dei er sjuke. Elevrådsleiaren ved Årdal vidaregåande skule uttalte til Porten.no torsdag at det knapt går ein dag utan at elevane snakkar om dette.

Til toppen