Leikanger: Det vart klart då Hovudutvalet for opplæring i Sogn og Fjordane i dag vedtok fråværsreglar som rettar seg etter det nasjonale regelverket.

– Det er eigentleg å bite i det sure eplet, men vi hadde ikkje noko val i denne runden no, seier utvalsleiar Karianne Torvanger, som understrekar at dei vil halde fram med å kjempe for ei oppmjuking.
Les også: Her skulkar elevane i protest mot ny fråværsregel
Les også: Ho tok fråværspraten med ministeren
Dei nye reglane vart i haust innført med mål om å få bukt med skulking i skulen: elevar kan ikkje ha meir enn ti prosent fråvær i eit fag før dei mistar standpunktkarakteren.
Regelendringa møtte stor motstand og her i fylket vart det innført ei endring som unntok køyretimar frå 10-prosentregelen. Seinare vedtok fylkesmannen at dette var ulovleg.
No har fylkespolitikarane motvillig måtta føye seg etter dei høgare makter.